Synnøve sin tur frå Breistølen (på Hemsedalsfjellet) til Haukeliseter

Synnøve sin tur frå Breistølen (på Hemsedalsfjellet) til Haukeliseter

Etter å ha restituert seg heilt ferdig og kost seg masse heima i sofaen, var det på ny tid for ein ny etappe. Denne gongen skulle etappen gå frå Breistølen på Hemsedalsfjellet og eg skulle til slutt enda på Haukeliseter, om alt skulle gå etter planen. Men alt hadde ikkje gått etter planen på nokon av dei andre etappane, så me fekk no sjå tenkte eg.

DSC_2008

Breistølen er berre nokre få timar heimafrå, så me vart køyrd til startstreken og sette av gårde opp bakkane. Den første dagen skulle det vera omtrent 600 meter stigning. Sola varma godt i kjakane, men då sola gjekk bort for kvelden vart det kaldt. Me skulle eigentleg sova i telt, men då gradestokken viste 20 blå og det var trivelege folk på hytta som hadde fyrt godt i omnen, sov me inne. Alt hadde gått knirkefritt, ingenting var øydelagd og det var god stemning med våre nye britiske venner. “Hmmm” tenkte eg, “flaksen min har snudd”.

Det eg ikkje visste, var at Pappa hadde mista ei fylling i tanna, før første dagsmarsj var over….

DSC_2010

DSC_2016

Vidare skulle turen gå til Iungsdalshytta, ein lett tur tenkte me, det skulle jo nesten berre gå nedover. Men snøen var så tørr og djup, at me måtte gå i nedoverbakkane også. Men fram kom me, og fekk nyta tre-retters middag og øl, med våre nye britiske venner. Me hadde god tid på turen vår, så dagen etter tok me ein kviledag, då det blas friskt ute.

DSC_2019

DSC_2021

Og så var det på an igjen. Problemet med å kjøpa middag og frukost, er at pulken blir ikkje lettare. Jaja, det var berre til å spenna pulken på og setja av gårde oppover bakkane. Då det britiske paret gjekk forbi oss og dei svære pulkane i ein oppoverbakke, sa dei at eg var ein “fit little thing”. Den kommentaren levde eg på resten av dagen. Kvar gong me åt vart pappa i litt dårleg humør, og eg prøvde å letta på stemninga med litt vitsar. “Eg må spy” sa han. “Eg må spy, sa brura” sa eg, og følte meg skikkeleg morosam. “Hold kjeft” fekk eg tilbake, og eg tenkte at “neidå, her skal me ikkje ha det noko kjekt nei”. Men så kom det, han hadde jo mista ei fylling dag 1. Eg prøvde å finna løysingar på korleis han skulle koma seg til ein tannlege, men det ville han ikkje ha snakk om, no skulle me først fullføra turen til Halne på Hardangervidda, der me hadde planlagd at han skulle reisa heim. Eg lærte meg til å vera heilt musestille og ikkje fortelja dårlege vitsar mens me åt mat, mens han på ein eller anna måte hadde lært seg å berre takla smertene som dei var. Han skulle ikkje bli distrahert med eit tannlegebesøk ved næraste tettstad, han skulle først nå målet. Me jobba oss framover, og kom fram på Finse. Der venta kviledag på hotellet, med besøk av mammo og Boffen. Ville Pappa ha lyst til å dra heim derfrå om han fekk mogelegheita? Han hadde tydelege smerter i munnen. Men neidå, han skulle bli med til Halne.

DSC_2029
Klar for avgang på Iungsdalshytta

DSC_2030

DSC_2032

DSC_2040
Digg å ligga inne, lesa bok og høyra på radio!

DSC_2041

DSC_2053

DSC_2057
Ein litt bratt oppoverbakke! 

DSC_2058

DSC_2060

Pappa er imponerande sterk psykisk. Han fullførte turen til Halne som planlagd, og då han kom heim til tannlege hadde tanna sprokke, tanna måtte trekkast, men først sagast i tre forskjellige bitar. Tenk at dette gjekk han med kvar einaste dag på tur. Om eg får litt av det pågangsmotet som Pappa har når eg er 61 år, då skal eg vera nøgd.

DSC_2063

DSC_2068
Sterke Pappa!

Sjølv om det er kjekt å vera på tur med pappa, hadde eg likavel gleda meg stort til turfølgebytte på Halne. Eg skulle få gå over Hardangervidda i påsken, med den finaste karen eg veit om. Og det vart minst lika koseleg som eg hadde tenkt. Halldor trakk mykje av det tunge utstyret, mens eg fekk gå å kosa meg i spora hans. På dagen naut me sola og vidder og fjell så langt auga kan sjå, mens på natta kraup gradestokken langt nedover. Det er litt kaldt å stå opp for å fyra primus når det er 20 minus i teltet, så ei natt inne på Litlos gjorde godt for kropp og sjel. Dei siste dagane vart landskapet meir kupert, og siste natta hadde me rundt 27 kuldegrader i teltet. Då var det kaldt å gå ut av soveposen, men desto deiligare var det når sola byrja å varma på dagen.

DSC_2070

DSC_2073

DSC_2077

DSC_2078
I Påsken fekk eg ikkje sjå Hårteigen frå fjella heima, men Hårteigen er fin på Hardangervidda også!

DSC_2085

DSC_2097

DSC_2094

Å nå Haukeliseter var stort. I vinter har turane mine vore mykje prega av uflaks. Ein må vertfall kunna kalla det for uflaks, når ein for eksempel knekker skia ved vanleg gange på eit flatt vatn. Denne vinteren har eg har ikkje nådd eit einaste mål som planlagd. Å nå Haukeliseter, til og med ein dag før planlagd, kjennest difor ut som ei stor bragd. Endeleg hadde eg nådd eit mål. Og ikkje minst hadde eg fått nyta desse dagane over Hardangervidda, saman med Halldor. Han klaga ikkje ein gong på tåfislukta mi, så han må lika meg godt.

DSC_2099

No tar eg ein pause frå rusleturen. Eg manglar etappane “Tydalen – Alvdal” og “Ådneram – Lindesnes”, før eg har gått heile Noreg på langs. Det ser ikkje ut til at det lar seg gjennomføra denne våren, på grunn av jobb og diverse. Eg ønskjer nok heller ikkje å bruka heile sommarferien på å traska på asfaltvegar. Men ein gong, vil eg bli ferdig eg også. Ein gong, vil eg ha gått heile Noreg på langs.

Synnøve sin etappe frå Haukeliseter til Ådneram

Synnøve sin etappe frå Haukeliseter til Ådneram

Det var klart for tur igjen, denne gongen skulle broren min vera turselskapet mitt. Me har aldri før vore på langtur saman, så dette skulle bli ein ny oppleving for oss. Eg fortalte han før turen at me kom til å få ekstremt sær humor saman, då svarte han berre kritisk “åååja?”, men me fekk no sjå svara eg.

Etter mykje pakking var me klare. Me hadde med oss mykje nødvendig utstyr, god mat og litt unødvendig utstyr, som f. eks. ein liter med 60, om me skulle koma bort i lystig lag. Litt trivselsvekt måtte me ha, fann me ut av.

DSC_1822

Etter ein god fjellburger på Haukeliseter suste me innover i den stikka løypa. Og den første teltnatta vart mild og god vindstille vær. Primusen til Olav var ikkje heilt samarbeidsvillig, men fordi Olav har så mykje teknisk innsikt (som eg ikkje har) vart ikkje detta ei stor bekymring. Me hadde jo uansett min som gjekk som ei klokka.

DSC_1825

DSC_1828

Etter endt dagsmarsj neste dag kom me til Holmvatnhytta. Holmvatnhytta måtte me dela med nokre mus, som synst at soveposen til Olav smaka godt, og ikkje minst låg under senga mi og knaska på noko plastikk. Eg trudde dei hadde tatt tak i posen min med “fleskesvær” (tørka flesk, med masse kaloriar og protein) og ropte ut midt på natta “HEI, SLUTT, GÅ VEKK”. Etter ei lita stund høyrde eg frå Olav sitt rom “Hææ?”, han trudde det hadde kome folk midt på natta som ville sova på mitt rom. Mitt største nedsig på Holmvatnhytta var når eg forstod at telefonen min var daud. Eg hadde fått virus for nokre dagar sidan, og no var telefonen umogleg å få kontakt med. Alle dei gode songane eg hadde fått inn på spotify var no utilgjengelege resten av turen. Jaja, det var ikkje noko å gjera med det.

Frå Holmvatnhytta var det slutt på stikkene og me måtte navigera på eiga hand. Det hadde vore lett det, om me kunne ha sett noko i nedoverbakkane. Det er enklare å sjå snøen når ein er litt bak enn midt oppi det. Ein gong som Olav stoppa av seg sjølv såg eg plutselig at skia hans stod i friluft, då snudde me i ein litt anna retning.

DSC_1831
Her står skituppen i friluft

Sikten var så dårleg at det var godt å ha kompasskurs over vatnet. Me nærma oss enden av vatnet, men såg på kartet at det ville ikkje vera problematisk å navigera ned til neste vatn og vidare til neste hytta, med ei kraftlinja og gode kjenneteikn i naturen. Me hadde fått dreisen på å trekka pulk og alt låg bra til rette for at me skulle få ein bra tur (bortsett frå at eg hadde litt heimlengt, men det skulle no gå seg til tenkte eg).

Plutselig høyrer eg ein knekkelyd, og foten glir gjennom i snøen. Hææ, har eg dotte gjennom isen? Nei, her var det ikkje noko vatn. Eit steg vidare, datt fortsatt gjennom snøen. Kva var detta for noko? Var det noko med bindinga? Nei! Skia var knekt. Skia var “gjenge ao”, som me seier på Voss. “FAA***********” ropar eg. “OLAV” fortset eg, før eg ikkje greier snakka meir. Hyperventileringa gjer at eg får ikkje eit ord ut av munnen og eg er så stressa at eg veit heller ikkje kva eg skal seia. Olav har stoppa opp og ser bakover og endeleg får eg det fram “SKIA MI HAR KNOKKE”.

DSC_1833

Heldigvis var me ikkje langt frå land, men det var langt nok, for med ei knokken ski er ein heilt hjelpalaus. Brodern trakk alt ustyret opp på land, og me funderte på kva i alle dagar me skulle gjera no. Me var 10 dagsmarsjar unna Ljosland. Og brodern, teknisk ansvarleg, såg ingen mogelegheit for å spjelka skia for ein så lang tur. Me måtte snu tilbake til Holmvatnhytta, gå 4 km tilbake, så kunne han dra tilbake til sivilisasjonen og få kjøpt ei ny ski. Etter ein god lunsj, begynte me på tilbakevegen. Det gjekk sakte. Eg greidde ikkje trekka noko som helst, for eg datt gjennom snøen for kvart steg. Så brodern måtte trekkja vertfall 80 kg med utstyr, mest truleg meir. Men kva var det der borte? Var det ein snøscooter? Jepp, og dei kom mot oss. Før me fekk sukk for oss hadde eg fått skyss til Sloaroshytta og Olav skyss til Hovden. Dagen etterpå skulle Olav koma opp til Sloaroshytta med eit nytt par med ski. HURRA.

DSC_1855DSC_1859

DSC_1862

På Sloaroshytta fekk eg tenkt mykje. Eg var heilt aleina med mine eigne tankar. Kva hadde eg gjett meg ut på? Kva hadde eg dratt med meg på broren min på? Var eg flink nok til å ha ansvar for navigeringa i ukjend og vanskeleg terreng? Var det dumt at eg hadde dratt han med på det her? Me hadde hatt så ekstremt mykje uflaks, dårlig primus, øydelagd mobil, museeten sovepose og no ei knokken ski. No skulle me endå lenger vekk frå sivilisasjonen, kva meir uflaks kom me til å få? Eg sakna kjærasten min så mykje at det gjorde vondt og det einaste eg ville var å koma heim igjen til han. Dagen etterpå gjekk eg på Olav sine ski, dei kilometrane eg mangla frå dagen før. Men i oppoverbakkane var hjarta heilt anleis, det var meir som det slo hardare enn før og kanskje litt meir uregelmessig? Og ankelen då, den var no vertfall ikkje god. Eg stressa over kva eg kjende i hjarta mitt, og hjarta blei eigentleg ikkje noko betre. Olav, som kom opp med nye ski, såg på meg kor sur og sint eg var, og me hadde lange samtalar om for og imot å avslutta turen eller ikkje. Eg var redd for helsa og ville berre heim, Olav ville fortsetja. Men me blei einige om at eg skulle ta ein telefon til legevakta, på ein topp med dekning 12 minutt å gå frå hytta, så skulle me sjå kva dei sa om hjarta mitt.

Å ringje til ei legevakt og sei at ein er 26 år gamal med vondt i hjartet, er som å hiva bensin på eit bål. Eg hadde jo tenkt å gå på ski ned til legevakta i Hovden, for så å gå opp igjen og fortsetje turen om alt var som det skulle. Men før eg visste ordet av det var AMK, ambulansetenesta, kobla opp. Eg fekk ikkje ein gong lov til å pakka sjølv og før eg visste ordet av det kom det ambulansepersonell på snøscooter opp på hytta, med EKG apparat. Me tok ein rask EKG før eg vart med ned på legevakta. Alt viste seg heldigvis å vera i den skjønnaste orden, legen såg også litt på ankelen min, og meinte at eg helsemessig var klar for etappen vidare mot Ådneram, for no ville me ikkje rekka Ljosland innafor tidsskjemaet som me hadde. Røde Kors, som henta meg ut med snøscooter, var så hjelpsame med meg, at dei gjorde eit unntak og lot meg sove på Røde Kors hytta med dei og stilte opp med svært god mat, dusj og ikkje minst lån av telefon, så eg fekk ringt alle som eg er så glad i heima.

Og dermed, var eg faktisk klar for å fortsetja turen. Eg suste opp att på Sloaroshytta, vel viten om at hjarta var friskt, og med i sekken hadde eg masse godsaker som Olav satta stor pris på då eg kom opp.

DSC_1875
Klar for tur igjen!

Dagen etterpå sette me avgårde. Her fant me ikkje ruteval utfrå kor den stikka løypa går i påsken, her måtte me sjå nøye på kartet på kor det var lurt å gå. Me naut den fine sola, navigeringa gjekk lett som ein plett, men me måtte byta på å brøyta spor, snøen var tung å gå i. Men etter ei stund kom me i eit snøscooterspor. Og då me kom nærare dagens største bakke såg me at snøscootersporet gjekk heile vegen opp. HURRA, eit snøscooterspor gjer oppoverbakkane mykje enklare å gå. Me suste oppover med musikk i øyra, og då me møtte naturoppsynet, som hadde laga snøscootersporet, og dei kunne fortelja at sporet gjekk heilt til Krossvatnhytta, dit me skulle, då satte me inn turbogiret og suste innover fjellet. Dei tre dagane til Krossvatnhytta var plutselig blitt til to og me var klare for kviledag.

DSC_1882

DSC_1889

Kakao med 60 smaka godt i solveggen på kviledagen, spesielt når me høyrde på herrestafetten i skiskyting. Me håpa og trudde at Ingrid og Erik ville koma iløpet av dagen, og JESS, der kom dei opp bakken til hytta. Me blei superglade og alle måtte ta kvar sin shot med 60! Resten av ettermiddagen og kvelden hadde me det superartig. Ingrid og Erik er kjempekule, og det var utruleg godt å vera med nokon andre enn berre min eigen bror.

DSC_1894

DSC_1901

DSC_1913

DSC_1940

DSC_1948

DSC_1950

DSC_1955

Det var trist å sei ha det til Ingrid og Erik, våre einaste venner på tur, men me måtte vidare sørover og dei måtte vidare nordover. Første delen av dagen hadde me sikt, men den slutta etterkvart. Me tok lunsj i påvente av betre sikt, og då sikten kom tilbake vart me litt skremdre “hadde me eigentleg tenkt å gå dit, der er det jo ein stor skavl”. Men heldigvis møtte me snøscooterfolk som hadde snøscooterspor ned på Blåsjø og kunne forsikra oss om at Blåsjø var heilt trygg å gå over. Det var utrleg deilig, for om me skulle ha fortsatt i det kuperte “skavl-terrenget” hadde me ikkje kome oss lenger i dag, då det ikkje var sikt. Olav tok over navigeringa. Han har lite erfaring med kart, kompass og GPS, så å starta på eit vatn ville vera fint. Men det må seiast at han tok alt så kjapt, at etter han tok over navigeringa, er det berre han som har navigert.

Greitt nok at blåsjø var sikkert nok til å gå over, men var det fint å slå sleir på blåsjø? Nei sa kokegropa vår, som slapp opp vatn, og me måtte flytta leiren inn på land.

Me fortsatte vidare over blåsjø og fulgde den anbefalte traseen. Då me kom til Storsteinen fant me ut at hytta var varm, etter dei som hadde sove der natta før, og me greidde rett og slett ikkje å gå forbi.

DSC_1959

Målet for neste dag var 15-17 km. Men med lite sikt måtte me nøya oss med 12. All navigering gjekk på kompasset og fleire gongar datt me nesten utafor skavlar, fordi me ikkje såg. Då eg ympta frampå om at dette var utruleg kjedeleg og at eg var lei av å vera på tur, sa Olav at han var heilt einig, og så lo me fortsatt godt av vitsane våre og blei einige om at detta var ein hard tur med god stemning.

DSC_1968

På Kringlevatnhytta lysna det litt opp og det vart kaldt, men vinden meldte også sin anmarsj. Men dette ville me no fint klara å gå i, sa me, og gjorde ingen andre spesielle førebuingar for dagen enn at eg teipa kjakane mine. Lite visste me at dette skulle bli den mest ekstreme dagen i begge sine liv.

DSC_1978
Før
DSC_1991
Etter

Vinden var i ryggen, så det gjorde ingenting at den beit godt. Heilt til me gjekk feil ein gong, og måtte snu med vinden i fjeset. Eg var alt for dårlig kledd og måtte stoppa opp i fosterstilling for å varmen i panna og kjakane. Me fortsatte i riktig retning og prøvde å gå på do. Men då vart eg så kald at eg måtte gå lenge for å finna varmen att. I motbakkar måtte me som vanleg gå sikksakk, men då me fekk vinden i ansiktet den eine vegen beit det så hardt at eg har nok laga nokon ekstremt rare grimasar. Og om eg ville kle på meg? Det var så kaldt og så mykje vind at det var utenkjeleg å stoppa opp for å rota nedi tinga mine for å finna det eg trengde. Me kom lenger opp i høgda, vinden vart sterkare og kaldare, eg blei for kald då me stoppa opp for å navigera, vinden virvla snøen 2 meter opp i lufta og plutselig stod me på ein topp utan sikt til å koma oss ned. I den fæle vinden måtte me kjempa for å få kledd på oss det me trengde for å ta lunsj inni vindsekken vår, og me sat inn i der med full bekledning og hutra og fraus og lurte på kva me skulle gjera no. Om me ikkje såg noko, måtte me slå leir der oppe, i ein vindstyrke som mest truleg var over 20 meter i sekundet. Men heldigvis, der lysna det, me heiv på oss utstyret og sklei nedover. Men plutselig hadde me gått feil, me var ein kilometer for langt vest og måtte gå tilbake, oppoverbakkar i motvind. Så sterk motvind at me sleit med å snu skia i vinden. Så kaldt at me begge gjekk i nettingull, ulltrøye, ullgenser, skalljakke og north face sin himalayan parka. Men etter masse slit kom me oss endeleg på rett rute og me kunne skli ned til hytta ved Storevatn. Me pusta letta ut, og var einige om at det var det mest ekstreme me hadde vore ute for begge to.

DSC_1982

DSC_1985

Dagen etterpå snakka Olav om at han ikkje hadde hatt følelse i nasa sidan turen i går, og eg vart skremd og då vart han også skremd. Me høyrde på radioen at det var farlig å vera ute i fjellet og i området me var i, var det over 40 effektive kuldegrader. Me såg ut glaset, og var sikre på at det var lurt å ta ein “værfast-dag”. Me brukte dagen til å sjekka værmeldingar og førebu oss for å gå ute i det været me hadde vore ute for. Me var ein dagsmarsj unna Ådneram og ville så gjerne koma oss heimover. Alt vart førebudd til den minste detalj, korleis fjeset skulle vera dekt, korleis sekken skulle vera pakka for at ein skulle få tak i det høgst nødvendige lett og korleis me skulle kle oss sånn at det var fort gjort å gjera seg klar for sterk vind.

DSC_2000

Men den største utfordringa dagen etterpå var ikkje kulden eller vinden, for meg var det at eg var for varm. Me gjekk i le store delar av dagen og då dagen var omme vart me henta av den utruleg flotte kjærasten min. Etter ei god natt på Sirdal høgfjellshotell med masse god mat og drikka, gjekk turen heim. Mamma og pappa var ekstremt glade for å ha oss heima igjen, lika heile (sett bort frå Olav si forfrosne nasa) og mamma sin heimalaga pizza var utruleg god.

DSC_2005

DSC_2007

Det har vore litt av ein tur det her. Nok ein gong har eg blitt møtt med masse uflaks som gjer at ein ikkje greier å fullføra målet for turen. Men heldigvis fiksa alt seg, og Åsnes har gjeve meg eit par splitter nye Helge Ingstad ski, tusen takk! Men likavel, for å vera heilt ærleg, er eg begynt å bli litt lei av å vera på tur. Eg har blitt så utruleg glad i livet heima, med ein fantastisk kjærast, ein fot innafor i ein utruleg fin arbeidsplass og flotte vener og familie. Er det ein ting Noreg på langs prosjektet har gjort med meg, er at det har gjort meg klar til å skapa meg eit liv heima. Men først må eg berre bita tenna i hopa, og gjera meg ferdig med dei siste etappane i Noreg på langs, på Rusletur til Lindesnes

Synnøve: Meråker – Tydalen

Synnøve: Meråker – Tydalen

Plutselig var Februar her, og med ei altfor spent kjensle i kroppen, satte eg og Boffen oss i bilen, og køyrde nordover til Meråker. Klokka var før 6, bilen innehaldt alt for mykje utstyr og nervene vart ikkje roa før Silje, Ronny og Markus i p3morgen kom på radioen og ønska alle ein fin morgon og ein god dag.

I haust vart ikkje rusleturen til Lindesnes heilt som planlagd. Eg måtte hoppa over etappen frå Meråker til Alvdal på grunn av ein slitasjeskade i ankelen, og då me gjekk frå Tyinkrysset og over til Hemsedalsfjellet var konklusjonen klar: det var for mykje snø til å gå effektivt i ura og ikkje hadde me utstyr på ryggen til detta kalde været heller. Rusleturen til Lindesnes måtte utsetjast. Men kunne me gå resten saman? Eg og Ingrid har kosa oss enormt mykje på tur saman, men ein del av kilometrane me manglar har den andre gått, så me måtte bita i det sure eplet og innsjå at planlegginga saman ikkje gjekk opp og at me må gå resten kvar for oss. Men kven veit? Kanskje me får det til å passa å gå inn til Lindesnes saman likavel?

For min del vert resten av turen etappevis. Pappa og bror min Olav har sagt seg villig til å bli med på kvar sin etappe iløpet av vinteren, men først kjende eg på at eg måtte koma meg over fjellet frå Meråker, mens det er skiføre. Der ville eg gå aleina. Eg ville bevisa for meg sjølv at eg greier meg ute aleine med telt og pulk på vinterstid. Boffen, den finske lapphunden til familien min, skulle vera einaste selskap.

Men då eg byrja å køyra kunne eg ikkje forstå kvifor eg skulle ha så lyst til å gå denne etappen aleina. Eg var livredd og visste at pulken var for tung. Mykje har også endra seg sidan sist eg var ute på rusleturen til Lindesnes. Eg har fått meg kjærast heima, som eg absolutt ikkje ville reisa frå. Kvifor ville eg dra frå den kjekkaste karen eg veit om, for å ligga i telt ute i 20 minus og trekka på nesten 60 kg opp alt for mange høgdemeter? Det kunne eg ikkje svara på.

Bilturen vart heller ikkje noko bra. Eg hadde planlagd å setja frå meg bilen der eg skulle koma ned frå fjellet, ta bussen nordover til Stjørdal der Lars Emil, som bur i Meråker, skulle plukka meg opp. Men etter å ha tatt av frå Ringebu og oppover i høgda, måtte eg til slutt snu, bilen kom seg rett og slett ikkje opp og tårene pipla fram i auga. Turen gjekk vidare på E6 til Stjørdal og vidare til Meråker der eg og Boffen fekk bu hjå ein utruleg koseleg og gjestfri familie, familien til Lars Emil som eg kjenner frå Senterungdommen. Eg hadde køyrd i 15 timar, var heilt utslitt og knuste til og med telefonen min i gangen deira. Inni meg ville eg berre grina, men med selskap frå familien til Lars Emil vart kvelden bra likavel. Dei gav meg spaghetti til kveldsmat og omelett til frukost.

DSC_1732

Etter ein rask tur til Stjørdal, for å kjøpa ny telefon, var eg klar. Eg køyrde pulken opp til Mannseterbakken, der skiløypa startar, og starta å gå frå Meråker etterpå. Utan opp-pakning flaug eg oppover, men jammen var det kaldt. Det var godt å koma fram til pulken og boblejakka mi og eg gjekk litt innover i skogen før eg satte opp teltet.

DSC_1735

27934820_10155619687206339_145798567_n
Sjølv med to primusar i teltet, var det svært kaldt!

Kulden var intens. Før denna turen har eg hatt 36 netter i vintertelt utan omn, men ein slik kulde hadde eg aldri vore borti før. Eg hadde ikkje med meg gradestokk, men nedi bygda var det minus 22 grader, oppi høgda låg eg i ei kuldegrop. Alt var heilt anleis enn eg var vane med, til og med pakkposane kjennest ut som at dei skulle knekka. Men tross kulden, gjekk alt fint og med godt mot la eg meg i soveposen, med dunbuksa på, for å sova. Det var ikkje med godt mot eg stod opp morgonen etterpå, og vertfall ikkje då eg skjønte at den eine primusen ikkje ville starta. Uansett kor mykje eg skrudde på primusen, ville den ikkje starta. Men heldigvis virka den andre primusen som eg hadde med og det blei både drikkevatn og frukost.

DSC_1751

DSC_1770

Leiren vart broten opp, pulken pakka og me sette av gårde opp gjennom bakkane. Dei fire første kilometrane hadde me scooterspor, men sporet vart etterkvart erstatta av laussnø under tregrensa. Eg sleit meg oppover sakte men sikkert. Sola skinte, men det var så kaldt at drikkevatnet måtte vera på kroppen for at det skulle vera drikkandes. Opp i høgda var det godt skareføre, og me fann ein vakker plass å setja opp teltet og eg sov godt i dunposen min.

DSC_1779

Det er alltid tungt å stå opp i sterk kulde, men det skulle no bli godt å få i gang primusen. Men kva var det her? Primusen ville ikkje få blå flamme, det blei berre gult. Eg kjende bensinlukt frå pumpa, skifta pumpa og då var det så mykje sot att i dysa at flammen var fortsatt gul. Eg var livredd og funderte på om det ville bli frukost på meg i det heile tatt. Men det blei frukost, og eg fekk rensa dysa så flammen blei blå og sterk igjen. Då eg forstod at alt hadde gått bra kom tårene. Det var så mykje som gjekk på tverke, til og med klokka mi hadde blitt øydelagd og soveposen min var fuktig og frosen. Eg sakna kjærasten min og det trygge livet heima der ein veit at ein får frukost og drikkevatn.

DSC_1782
Sånn ser fjeset ut om ein først skrur på ein brennar full av sot, for så å smørja seg med kuldekrem og solkrem.
DSC_1783
Og sånn ser soveposen ut når den er våt og frosen.

Humøret var ikkje på topp då eg byrja å gå att. Men i løpet av dagen skya det til, det vart mildare og i tre tida kom eg fram til ei sjølvbetjent hytta. Eg trudde det hadde blitt mildvær og sjekka gradestokken på hytta, ni minus. Det fortel vel litt om kor kaldt eg har hatt det. Å koma på hytta var som å koma på spa. Få av seg alle dei svette kleda og tørka alt av utstyr. Og her snudde alt. Ting slutta å gå på tverke og eg vart tilfreds av å vera på tur.

DSC_1798

DSC_1808

Det var mange høgdemeter dei neste dagane, men eg hadde fort blitt sterkare, pulken lettare og eg kosa meg masse. Etter to marsjdagar til,  hadde eg greidd det. Eg hadde greidd meg i vinterfjellet i sterk kulde og kom meg fram til Gressli i Tydalen, der eg blei tatt godt imot av familien til Hanne. Det var finare å koma til dei i Tydalen, enn det er å koma på hotell. Eg fekk smågodt, chips, frukt, trøndersodd, is og brownies og masse godt selskap. Og ikkje minst biltur tilbake til Meråker, så eg enkelt og greit kunne koma meg sørover og heimover, til alt eg er så glad i heima. Tusen takk for all hjelp, Anita og Ingjald.

27849208_10155619686421339_1344752010_n

No ventar nokre dagar med tørking av utstyr, vasking av ullkle og tid med den kjekkaste karen eg veit om, før pulken på ny blir pakka. Då ventar Setesdalsheiene, frå Haukeliseter til Ljosland, med storebroren min som selskap og forhåpentlegvis ein lettare pulk. Kanskje møter me Ingrid og turfølget hennar som går motsatt veg? Me kan vertfall håpa 🙂

DSC_1786

  • Synnøve og den finske lapphunden Boffen

Eidsbugarden – Breistølen

Eidsbugarden – Breistølen

Dag 128
Kvelden i forvegen hadde me fått tre-retters middag og vin hjå Synøve, sjefen vår på Eidsbugarden, og sjølv om kvelden var fuktig var me i fin form til å gå. Sjølv om det var trist, som alltid når ein må reisa frå Eidsbugarden og det er lenge til ein skal opp att. Stemninga på Eidsbugarden er heilt spesiell, med folka som oppsøker staden og all den vakre naturen rundt. Heldig for oss ville personalet køyra sekkane våre til Tyinkrysset, så me fekk vandra lette og ledige avgårde. På Tyinholmen ville me inn og helsa på vertskapet Turid, som etter vår smak er langt over gjennomsnittet koselig og verdt å ta ein prat med. Ho stilte opp med meir enn ein prat, og me fekk både brus og fleire vaflar! Og tru meg, vaflane er av svært høg kvalitet. Ute var det hustrig, men me kan ikkje sitja inne heile dagen, så då gjekk turen vidare. Det regna og sludda og me fekk ein svært kald oppleving. Men heldigvis skulle me sova inne. På Tyinkrysset vart me møtt av ein tidlegare studiekamerat av meg, Øyvind som jobbar på Intersport og Ola kameraten hans som jobbar på Joker (dei to einaste butikkane på Tyinkrysset). Dei tok oss med heim til Vang. Sjefen vår Synøve fekk også bli med, og me vart servert taco, chips, brus, øl og jägermeister. Stemninga var stor då me spelte kort og filosoferte over livet til langt utpå kvelden.

 

22292358_10155274611856339_2032466236_o
Alltid liv på Eidsbugarden!

 

 

22323577_10155274610806339_1772433611_o
Sjølv om biletet er dårlig, var stemninga god!

 

Dag 129
Etter eggerøra og heilmjølk til frukost, fekk me sitja på opp att til Tyinkrysset. Snille Synøve køyrde sekkane våre til Nystua. Dei første fem flate kilometrane gjekk lett, men etter me spente på oss sekkane og byrja på oppstiginga, kjende ein på kroppen at dei siste tre kveldane har vore over gjennomsnittet fuktig. Det er jammen godt me skulle til ei sjølvbetjent hytta utan alkohol. Oppi høgda snødde det tørr snø, og me fekk vår første smak på vinteren. Me nådde hytta i snødrevet, og kosa oss veldig.

DSC_1580

 

DSC_1586
Snø!

 

DSC_1590

DSC_1595

Dag 130

Nok ein dag i snøen, men no gjekk me endå høgare opp i høgda. Der vart det meir snø og meir ur, og me strevde oss opp gjennom og nedover. Snøen skjulte kor det var godt å setja føttene og det skulle lite til for at ein sklei. I løpet av dagen sklei me sikkert 100 gonger på steinane. Farten gjekk ned, og me fann ut at å gå i mange dagar med sånne forhold er uforsvarleg. Eg hadde bestemt meg for mange dagar sidan at eg ikkje ville gjennom Skarvheimen eller Hardangervidda i år. Eg vil venta på at vinteren kjem, så eg kan gå på ski. Det er mange grunnar til at eg vil venta, blant anna at eg vil ha ein sjanse til å ta igjen etappen eg manglar i Sør-Trøndelag og Hedmark før jul, eg vil oppleva fjellområdet på ski og eg vil at pappa skal få vera på ski gjennom området. Eg har gått der ein gong før, og då tenkte eg “her vil eg ta pappa med ein gong”. Planen var at Ingrid skulle sjå an forholda, men prøva å gå til Lindesnes no i haust om alt låg til rette. Men iløpet av dagsmarsjen vart ho einig med seg sjølv om at det ikkje er ansvarleg å gå gjennom urete Skarvheimen med så mykje snø. Klokt val.

 

DSC_1604
Vakkert lys!

 

 

 

DSC_1605
Aldri før har me slite sånn i ura, som her!

 

DSC_1606

 

DSC_1607
Å eta med vottar er ein kunst!

 

Etter å ha fortsatt på stien eit stykke til, kom me til ein grusveg som me valde å følgja ned. Sjølv om den var lenger, tente me nok mykje tid på å velgja den istadenfor det snødekte landskapet. Me kom ned på bilvegen over Hemsedalsfjellet, og gjekk bort til turisthytta på Breistølen.

DSC_1611
Og DER var vår/sommar/haust turen til meg og Ingrid over. Der me dreiv og pakka og styrte på, for å koma oss i kvar sin retning, forstod eg ikkje heilt kva som var i ferd med å skje. Eg var sliten, og gleda meg masse til å koma heim til Voss. Ingrid skulle til Hemsedal på besøk til Alex, som me har jobba med på Eidsbugarden. Men i dag kjenner eg på det, at turen vår er over. Me skal ikkje lenger eta, gå og sova med kvarandre lenger. Me skal ikkje lenger smila til framande, brenna bål mens me funderer over livet eller vera irritert på at den andre luktar tåfis. Det er litt surt at rusleturen vår til Lindesnes ikkje gjekk heilt til Lindesnes, men med forholda og våre ønskjer til korleis me ville ha turen, er det ein stor seier at me har gått så innmarri langt og tålt både dei positive og negative sidene ved kvarandre. Det har vertfall vore ein heilt vilt bra oppleving, å få gå ein stor del av Noreg på langs saman med Ingrid og Grønlandshunden Daik.

Otta – Eidsbugarden

Dag 121
Avgang klokka 8 vart ein rekord for oss, og etter to minutt møtte me ein trivelig veterinær som ville køyra sekken vår. Sekken var tung på ryggen, etter proviantering i Otta, så det passa godt. Me suste av gårde til Sjoa, der me fekk ein flott pause nede ved elva. Me fant sekkane våre, og gjekk nordover mot Heidal. På store vegar er det vanskelig å få sendt sekkane med bilar. Me mistenkjer dei trur me vil haika oss sjølv, noko dei fleste ikkje har plass til. Me valde difor baksidevegen på andre sida av Sjoa, der me til slutt fekk haika sekken nokre kilometer. Me banka på nokre dører for å hinta til om me om me kunne sova over i hagen, men ingen tok hintet. Det er ingen tvil om at me har kome til Sør-Noreg. Det som derimot var mykje lettare var å få lada opp mobilen i huset som var nærast teltplassen.

20170926080834_DSC_1542.JPG

Dag 122
Eg starta dagen med å finna mobilen min i postkassa som avtalt. I tillegg til ein full-lada mobil hadde familien lagt ved snop, kjeks, nøtter og øl. Tuusen takk! Me spente på oss sekkane og gjekk i veg mot Coop i Heidal. Der møtte me ein trivelig gjeng med eldre mannfolk, deriblant Odd som ville køyra sekken vår til Randsverk om han fekk kjøpa kaka og kaffi til oss. Det fekk han sjølvsagt, og me sat lenge og snakka om bygdeliv, dialektord og traktorar med karane. Etterpå for me lett avgårde oppover bakkane til Randsverk. Der møtte me nok ein gong folk som ville køyra sekken, og me fekk ein lett siste-etappe på dagen. På kvelden kosa me oss glugg med øl, kjeks og snop.

20170928093126_DSC_1544.JPG

Dag 123
På butikken på Randsverk fekk me laga ein plakat med orda “vil du køyra sekkane våre?” og me fekk napp på første bil. Då me fant sekkane på kvelden hadde dei lagt ved masse godis til oss, tusen takk! Dagen gjekk lett innover Valdresflya, og stemninga var stor då me møtte Synøve, sjefen vår på Eidsbugarden! På kvelden telta me rett oppafor Bessheim og jubla for at me endelig var ferdig med asfalt, noko som passa godt då eg hadde gnagsår på ALLE tærene mine.

20170928153915_DSC_154520170929070758_IMG_254020170929071028_IMG_2548

Dag 124
Me gjekk over fjellet og naut ein god lunsj på Gjendesheim. Vidare følgde me stien langs Gjende til Memurubu. Det blas godt i teltet og med værmeldinga var me litt spente på morgodagen og Bukkelægret.

20170929071106_IMG_2551_120170929090705_IMG_2561_120170929091443_IMG_2571_120170930085227_IMG_2577

Dag 125
Denne dagen hadde eg vore spent på lenge. Klyva ned Bukkelægret med tung sekk og gira hund med svær kløv. Eg har tidlegare på turen hatt mange fall som ein kombinasjon av tung sekk og gira hund og eg har også ein relativt stor høgdeskrekk. Men det måtte jo berre gå. Etter ein nydelig vandretur til Bukkelægret var eg klar, med nerver på høggir. Då me kom til det brattaste partiet tok Ingrid Daik for meg, for eg hadde ærlig talt nok med meg sjølv. Og på det aller verste partiet, der eg ikkje såg mogelege vegar og tårene pressa på, fekk eg gå utan sekk. Snille Ingrid gjekk to turar, så ho fekk ned min sekk også. Då me endelig var nede pusta eg letta ut, og hadde kjensla av at eg var glad for at eg overlevde. Om kvelden tok me inn på Gjendebu.

20170930090157_IMG_257920170930104752_IMG_258520170930114939_IMG_260720170930115333_IMG_261520170930131527_DSC_1564

Dag 126
Eg vakna til masse spenning i kroppen. Det var litt som å vakna på julafta. Me hadde berre 12 km å gå, og då skulle me vera på Eidsbugarden. Eidsbugarden, vår felles arbeidsplass og staden eg og Ingrid vart kjend med kvarandre. I tillegg skulle broren min koma på besøk. Turen over fjellet var kald og hustrig, men då me kom over den siste bakkekanten og såg hotellet, kom gledestårene, me hadde GÅTT til Eidsbugarden. Det var ein stor augnablink. Synøve stilte også opp med GRATIS hotellrom, FOR ein luksus. TUSEN takk Synøve. Me vart servert god middag og hadde mykje moro i baren med våre tidlegare kollegaer og min artige storebror som ler lika høgt som meg. Me hadde det veldig artig, men mest av alt sat me med kjensla av å ha kome heim.

20171001093145_DSC_156820171001093309_DSC_157220171001105723_DSC_157420171001130154_DSC_157720171001132220_DSC_1579

Dag 127
Kviledag på Eidsbugarden. Godt å kvila, og godt å ha fri. Litt praktiske gjeremål må ein som alltid få unna, men det var fortsatt tid til masse kos. Storebroren min spanderte Fondsburger på oss, burgeren eg har drøymd om sidan Nordkapp! Seinare i dag skal me på tre-retters middag i hytta til Synøve, så resten av kvelden skal også nytast.

  • Synnove, Ingrid og Gronlandshunden Daik

Røyrvik – Lierne

Dag 88

Med ein god kviledag dagen i forvegen, sette me avgårde på vegen mot Lierne. Me fant ein bilveg som ville spara oss for nesten 30 km og to marsjdagar. Valet var difor lett, og me sette i gang med å gå nedover bilvegen. Me hadde mål om å få haika sekkane til dagens mål, difor var ikkje sekkane pakka perfekt til bæring. Tunge vandra med avgårde, men etter 5 km fekk me heldigvis stoppa ein bil som kunne køyra sekkane våre eit godt stykke. Lette og med god musikk på øyra, suste me avgårde og passerte kommunegrensa til Lierne, mange vakre gardsbruk og flott natur. Det beste på dagen var å bli kjent med Mona og Arnold i Liminglia, som inviterte oss inn på overnatting i senger og dusj. Dette inkluderte også øl og vin, og verdas beste elggryte med heimalaga flatbrød. Me hadde det svært hyggelig saman, og me fekk ein svært trivelig kveld! Daik kosa seg også, då dei hadde ei ung og spretten tispa som han fekk leika seg med. Slike opplevingar lever ein på lenge, og me er så innmarri takksame for alle dei flotte folka som me møter på vår veg.

20170824105426_DSC_1309
Av eit sveitsisk par fekk me over 40 småsjokoladar. Og vipps var alle borte!

20170824143616_DSC_132220170824160547_DSC_132920170824200457_DSC_1333

Dag 89

Når eg får litt alkohol i blodet stig stemninga og eg blir gladfull, mens Ingrid ikkje kjenner det så mykje. Heilt til dagen etterpå. Ingrid vakna bakfull, mens eg var i fin form. Me takka for oss hjå Mona og Arnold og kom oss avgårde. Ingrid såg så dårlig ut som eg aldri har sett ho før, så det var godt å få sendt sekkane med ein bil. Heilt til eg fant ut at regnjakka og drikkeflaska låg igjen i bilen, og det byrja å regna. Men heldigvis ikkje så mykje. Etter 25 km nådde me sekkane våre, og fekk sett opp teltet i skogen. Med smørsteikt kantarell i turmaten og molter med vaniljesaus til dessert vart kvelden svært så flott!

20170825102514_DSC_1341.JPG

Dag 90

Sidan Ingrid var så flink til å samla ved kvelden i forvegen, laga me oss eit riktig bra frukostbål. Kokekaffien smaka godt og bålet gav oss ein riktig bra start på dagen! Me gjekk avgårde til Kvelia, kor det bur 100 mennesker til vanlig, mens denne helga var det stappfullt av mennesker som ville sjå skodespelet “Pe Torsa”, det var som ein liten festival. Kvart år er det ny tekst på skodespelet, og med mykje trønderhumor kjem folk igjen, år etter år. Det var spennande berre å gå gjennom bygda. På lokalbutikken fekk me også kvart vårt par med ullsolar, stor stas. Me møtte også Ingrid Fjellberg, som hadde tatt inn her for helga. Me ville så gjerne bli lenge me også, men det var laurdag og google sa at Nordli post i butikk stengde klokka 3, så me måtte vidare. Ingrid, med sine lange bein, sprang i forvegen og sprang 10 km på 1 time, sprekt! Eg gjekk, og brukte ein time ekstra. På Nordli fekk me bli kjend med Svein som blant anna introduserte oss for ein sjåfør til sekkane våre og for kvinna bak Englagaard sjokolade. Ho ville flytte heim til Lierne, og for å gje seg sjølv og andre ein arbeidsplass, starta ho sitt eige sjokoladeri. Me fekk med oss ein pakke i gåve, og den smaka vel kanskje så godt som sjokolade kan smaka. På dei siste 10 km til Skjelbredtunet camping, kjende me i kroppane at me har gått langt på asfalt dei siste dagane, så to kviledagar skulle passa fint.

20170826075249_DSC_135420170826081122_DSC_135720170826142541_DSC_136920170826144849_DSC_137120170826162712_DSC_1373

Dag 91

På Snåsa hadde me avtale med Inger-Lise og Jo, foreldra til Mette som me har jobba med på Eidsbugarden. Dei skulle koma å henta oss på campingen, så me fekk ein tur heim til dei, men først gjekk turen innom “Pe Torsa”. Ingrid vart med, mens eg blei igjen med Daik på campingen. Eg forstod på dei at skodespelet hadde vore bra, då me tok turen innom Englagaard sjokolade for ein godbit og kaffi. Me vil absolutt anbefala alle som ikkje har vore i Lierne før, om å ta turen innom. Her finst det flotte folk og vakkert landskap, og ikkje minst rimelig bra med “guts”. Eg og Ingrid fantaserer allereie om å dra tilbake på neste års “Pe Torsa”, til bygda der 9 av 3 bidrar, i følgje avisa. Vidare vart me køyrd heim til foreldra til Mette kor me har blitt rimelig bra oppvarta. Mette hadde kjøpt Tya øl frå Årdal, til vår store gleda, og me har blitt servert sodd til middag og eit svært dessertbord til dessert. Her kosar me oss masse.

doc6ja3naek3w78xg4t6mt
Da Ingrid ble så gira på forestillingen, glemte hun å ta bilde. Bilde er hentet fra Google. Været var finere når hun var der vel og merke!

Dag 92

Her på Snåsa vert me så godt oppvarta, at i dag fekk me egg og bacon til frukost, og tur ned til Snåsa fjellstyre for å diskutera ruta vår for dei neste dagane med lokale kjentfolk. Jo hadde ringd og høyrd om me kunne koma, og me fekk kaffi, sjokoladekaka og masse gode tips til ruta, no har me nok funne ei flott ruta. Vidare gjekk turen til Steinkjer, der me fekk fiksa naudsynte ting, blant anna hos XXL, der dei gav svært god service og eg fekk ta reklamasjon på regnbuksa mi som har blitt litt for slitt. Kjekt å møta så serviceinnstilte og hyggelig personale. Like ved Steinkjer møtte me også Melissa, som syklar Noreg på langs, aleine. Me er imponerte, og det var skikkelig moro å møta nokon som også opplever Noreg på langs, men på ein litt anna måte. Me viste kvarandre våre hårete leggar og fortalte kvar våre historiar frå turlivet.

I morgon går turen vår vidare, denne gong på ein etappe til Meråker. Me er førebudd på myr, men satsar på lite regn.

– Synnøve, Ingrid og Grønlandshunden Daik

Sulitjelma – Bolnastua

Sulitjelma – Bolnastua

Dag 64

Etter eit heilt fantastisk opphald hos våre nye venner i Sulitjelma, starta me der me slutta forrige gong, butikken i Sulitjelma! Dagens ruta gjekk på grusveg til Coarvihytta! Ketil, vår nye venn i Sulitjelma, var så grei at han køyrde sekken til Ingrid til stigninga var slutt, og min heilt til døra på hytta. Lette gjekk me innover grusvegen. På turen blir me alltid lika glad når nokon vil gje oss noko godt å eta på. Og me har konspirert oss fram til den beste metoden å få folk til å gje: Fortelja om kor gåvmilde andre er. Og denne dagen var ikkje noko unntak. På vegen møtte me ein mann som var på hytta si med sambuaren og svigerforeldra, og etter me hadde fortalt litt om turen vår og Ingrid la ut om alt me har fått, inviterte han oss på kaffi. Me takka ja, og det viste seg at kaffi betydde kaffi, øl og velsmakande vaflar. Etter mange vaflar og mykje god prat, gjekk turen vidare til Coarvihytta. Der fekk me ta imot Ingrid Fjellberg, som hadde gått ein anna veg, og som ville gå med oss frå Coarvihytta!

snapchat-1910437932.jpg
Ketil vår nye venn og privatsjfør fyller alltid bensinen sin på den lokale stasjonen i Sulitjelma.
20170731151652_DSC_0849
Ingrid synes øl smakte himmelsk godt i varmen. Takk til snille hyttefolk!
20170731153414_IMG_1837
Vaflene var på jernet før vi rakk og sette oss ned og de smakte himmelsk!

Dag 65

Endelig på sti igjen, og på veg mot neste hytta. Me nyt godt av den norske turistforeningens billige hytter, og går mykje hytte til hytte for tida. Då me gjekk i Padjelanta i den steikande varmen ønska me oss regn, og det fekk me dugelig nok av. Vatnet trengde seg gjennom skallkleda mine, og me krølla oss saman under tarpen til Fjellberg i matpausen. Til og med dobesøket etter pausen vart gjort under tarpen, og me blei einige om at me angra på at me ønska oss regn. Det var lurt for då slutta det å regna, men elvene var blitt store, noko me fekk kjenna på under diverse vadingar! Me gleda oss til nok ei norsk turisthytte, med sofa og dør til soverommet, men så heldige var me ikkje. Hytta var enkel med ope løysing! Me sprengfyrte for å tørka skoa, og dermed vart Ingrid så kokande varm i senga at ho måtte liggja rett på golvet for å bli kald nok for å sova.

20170801095046_DSC_0852
Øsende pøsende regn…
20170801155849_DSC_0871
Vi går rett på. Var så våt uansett læll!

Dag 66

Været var bra, og etter ein litt sein morgon kom me oss avgårde klokka 12! Me skulle jo berre gå 18 km, så me hadde jo heile dagen på oss. Så då hadde me jo tid til å fiska litt også. Halv to byrja me å gå igjen, og hadde berre gått 1,5 km. Ikkje særlig effektivt, men dagen vart svært flott! Me gjekk nedover i ein flott dal, og alle naut dagen mens me høyrde på musikk og podcastar. Heilt til me møtte strie elver, men me kom oss no over dei også. Under lunsjpausen på Argalashytta fant Fjellberg ein gitar, til stor glede frå oss andre. Ikkje visste eg at ho var så flink til å spela og til å synga. Neste del av etappen gjekk ved sida av ei svær elv i eit svært frodig område, vakkert. Om kvelden kom me fram til Trygvebu, som hadde sofa, elektrisitet, myggnetting på soveromma og hunderom så hunden fekk sova på rommet mitt. Stor stas!

20170802122748_DSC_0892
Lettgått og nydelig landskap.
20170802160221_IMG_1843
Argalahytta ble bygget i 1913 og bærer preg av særdeles høy faktor av koselighet.
20170802174943_IMG_1850
Her vokser det visst noen sjeldene arter, men hvor er de??

20170802180833_IMG_185220170802191657_IMG_186320170802191749_IMG_186620170802180453_DSC_0898

Dag 67

Me hadde sett på kartet me kunne ta ein snarveg på ein traktorveg rett på Junkerdal fjellstue, som me kunne spara nokon kilometer på. Det måtte me sjølvsagt prøva. Ein gong i tida var nok vegen ein flott og flat kjerreveg, som diverre har vakse seg tett og rast litt ut. Fiskestanga og flagget mitt var ikkje så glad i alle trea, men etter litt basking kom me oss fram og der kjerrevegen var flott var den verkeleg flott! Me hadde gleda oss til is på Junkerdal fjellstue, og vart litt flate i fjeset når me fann ut at kiosken der er nedlagt. Me fortsatte over fjellet til Lønnstua på Saltfjellet, og me fann årets første blåbær! HURRA!! Ein merkedag for oss på tur! Og ikkje nok med det, Ingunn Langødegård som me har jobba med på Eidsbugarden kom i møte med oss og hadde med seg massevis av god stemning, smågodt og SMOOTHIES! Det smaka heilt vidunderlig, som ein motsats til vår einsformige kost (hint hint til andre som skal bli med oss på tur, sjå og lær av Ingunn). Etter eit bad i whiskeyvatnet var me klare for middag og øl på hotellet, før alt toppa seg med sveler og blåbærsyltetøy (frå skogen). Alle var einige om at det var ein topp dag, og at det var kjekt å ha Ingunn på besøk.

20170803104935_IMG_1900
På gjenngrodde stier av en svunnen tid.
20170803134117_IMG_1901
Synnøve går skuffet opp slalombakken etter å ha gått rett i låst dør på vei inn til turistsenteret for å kjøpe is.
20170803135418_IMG_1903
Årets første blåbær!!!!!!

20170803144312_IMG_1909

20170803135807_DSC_0908
Fyttigrisen det er tungt å plukke blåbær med over 25 kg på ryggen…

20170803153252_DSC_0909

Dag 68

Planen var å gå vestover til Saltfjellstua og følgje turiststien i 3 dagar, til Bolnastua. Men etter me fann ut at det berre var 31 km frå Lønnstua til Bolnastua over E6 vart valet klart. Me ville tene fleire dagar på å følgje vegen, og det gagnar oss stort. Difor sette me i gang med å gå på E6, og turen toppa seg verkeleg når me kom inn på gamlevegen og fekk gå på grus og læra om Saltfjellet si historie, gjennom diverse skilt på vegen. Då me nådde polarsirkelen feira me med å steika sveler, før me fortsatte i mål. Ny rekord slo me også, 31 km med den tunge sekken på ryggen, trass i diverse gnagsår. #stolt

20170804140305_DSC_0919
E6 inviterer til strandpause i sola
20170804165609_DSC_0929
Gamlevegen over Saltfjellet
20170804191817_DSC_0934
Vi er forbi polarsirkelen!
20170804123046_DSC_0915.JPG
Ingrid sin første blemme kom ca på dette tidspunktet.

Dag 69

Kviledag på Bolnastua! Ingrid har haika til Storforshei for å handla, Fjellberg vaskar klede og eg latar meg og ser på politisk debatt mellom Senterpartiet og miljøpartiet de grønne i Bergen. Me er alle tre engasjert i politikk når me ikkje er på tur, og eg kjenner på at det er litt rart å vera her og ikkje med på valkampen! Heldigvis er det mange flinke senterpartistar som er med i valkampen i heile landet, og det kjem mange nye valkampar å vera med på etter denne, eg får trøysta oss med det! PS. Ingrid x2 seier det er lika mange flinke folk i Miljøpartiet de Grønne.

Me vil vertfall senda ein stor klapp på skuldra til alle der ute som står på for eit parti som dei er einig med, og som engasjerer seg i samfunnet!

I morgon set me nasa mot Hattfjelldal, noko som vert berykta som halvvegs på turen. Wooohooo.

20170805_163827
Gøy å haike med koselige Italienere!
20170802192332_DSC_0905
Nå har vi det godt 🙂

– Synnøve, Ingrid, Ingrid Fjellberg og Grønlandshunden Daik 🙂