Etter å ha restituert seg heilt ferdig og kost seg masse heima i sofaen, var det på ny tid for ein ny etappe. Denne gongen skulle etappen gå frå Breistølen på Hemsedalsfjellet og eg skulle til slutt enda på Haukeliseter, om alt skulle gå etter planen. Men alt hadde ikkje gått etter planen på nokon av dei andre etappane, så me fekk no sjå tenkte eg.

DSC_2008

Breistølen er berre nokre få timar heimafrå, så me vart køyrd til startstreken og sette av gårde opp bakkane. Den første dagen skulle det vera omtrent 600 meter stigning. Sola varma godt i kjakane, men då sola gjekk bort for kvelden vart det kaldt. Me skulle eigentleg sova i telt, men då gradestokken viste 20 blå og det var trivelege folk på hytta som hadde fyrt godt i omnen, sov me inne. Alt hadde gått knirkefritt, ingenting var øydelagd og det var god stemning med våre nye britiske venner. “Hmmm” tenkte eg, “flaksen min har snudd”.

Det eg ikkje visste, var at Pappa hadde mista ei fylling i tanna, før første dagsmarsj var over….

DSC_2010

DSC_2016

Vidare skulle turen gå til Iungsdalshytta, ein lett tur tenkte me, det skulle jo nesten berre gå nedover. Men snøen var så tørr og djup, at me måtte gå i nedoverbakkane også. Men fram kom me, og fekk nyta tre-retters middag og øl, med våre nye britiske venner. Me hadde god tid på turen vår, så dagen etter tok me ein kviledag, då det blas friskt ute.

DSC_2019

DSC_2021

Og så var det på an igjen. Problemet med å kjøpa middag og frukost, er at pulken blir ikkje lettare. Jaja, det var berre til å spenna pulken på og setja av gårde oppover bakkane. Då det britiske paret gjekk forbi oss og dei svære pulkane i ein oppoverbakke, sa dei at eg var ein “fit little thing”. Den kommentaren levde eg på resten av dagen. Kvar gong me åt vart pappa i litt dårleg humør, og eg prøvde å letta på stemninga med litt vitsar. “Eg må spy” sa han. “Eg må spy, sa brura” sa eg, og følte meg skikkeleg morosam. “Hold kjeft” fekk eg tilbake, og eg tenkte at “neidå, her skal me ikkje ha det noko kjekt nei”. Men så kom det, han hadde jo mista ei fylling dag 1. Eg prøvde å finna løysingar på korleis han skulle koma seg til ein tannlege, men det ville han ikkje ha snakk om, no skulle me først fullføra turen til Halne på Hardangervidda, der me hadde planlagd at han skulle reisa heim. Eg lærte meg til å vera heilt musestille og ikkje fortelja dårlege vitsar mens me åt mat, mens han på ein eller anna måte hadde lært seg å berre takla smertene som dei var. Han skulle ikkje bli distrahert med eit tannlegebesøk ved næraste tettstad, han skulle først nå målet. Me jobba oss framover, og kom fram på Finse. Der venta kviledag på hotellet, med besøk av mammo og Boffen. Ville Pappa ha lyst til å dra heim derfrå om han fekk mogelegheita? Han hadde tydelege smerter i munnen. Men neidå, han skulle bli med til Halne.

DSC_2029
Klar for avgang på Iungsdalshytta

DSC_2030

DSC_2032

DSC_2040
Digg å ligga inne, lesa bok og høyra på radio!

DSC_2041

DSC_2053

DSC_2057
Ein litt bratt oppoverbakke! 

DSC_2058

DSC_2060

Pappa er imponerande sterk psykisk. Han fullførte turen til Halne som planlagd, og då han kom heim til tannlege hadde tanna sprokke, tanna måtte trekkast, men først sagast i tre forskjellige bitar. Tenk at dette gjekk han med kvar einaste dag på tur. Om eg får litt av det pågangsmotet som Pappa har når eg er 61 år, då skal eg vera nøgd.

DSC_2063

DSC_2068
Sterke Pappa!

Sjølv om det er kjekt å vera på tur med pappa, hadde eg likavel gleda meg stort til turfølgebytte på Halne. Eg skulle få gå over Hardangervidda i påsken, med den finaste karen eg veit om. Og det vart minst lika koseleg som eg hadde tenkt. Halldor trakk mykje av det tunge utstyret, mens eg fekk gå å kosa meg i spora hans. På dagen naut me sola og vidder og fjell så langt auga kan sjå, mens på natta kraup gradestokken langt nedover. Det er litt kaldt å stå opp for å fyra primus når det er 20 minus i teltet, så ei natt inne på Litlos gjorde godt for kropp og sjel. Dei siste dagane vart landskapet meir kupert, og siste natta hadde me rundt 27 kuldegrader i teltet. Då var det kaldt å gå ut av soveposen, men desto deiligare var det når sola byrja å varma på dagen.

DSC_2070

DSC_2073

DSC_2077

DSC_2078
I Påsken fekk eg ikkje sjå Hårteigen frå fjella heima, men Hårteigen er fin på Hardangervidda også!

DSC_2085

DSC_2097

DSC_2094

Å nå Haukeliseter var stort. I vinter har turane mine vore mykje prega av uflaks. Ein må vertfall kunna kalla det for uflaks, når ein for eksempel knekker skia ved vanleg gange på eit flatt vatn. Denne vinteren har eg har ikkje nådd eit einaste mål som planlagd. Å nå Haukeliseter, til og med ein dag før planlagd, kjennest difor ut som ei stor bragd. Endeleg hadde eg nådd eit mål. Og ikkje minst hadde eg fått nyta desse dagane over Hardangervidda, saman med Halldor. Han klaga ikkje ein gong på tåfislukta mi, så han må lika meg godt.

DSC_2099

No tar eg ein pause frå rusleturen. Eg manglar etappane “Tydalen – Alvdal” og “Ådneram – Lindesnes”, før eg har gått heile Noreg på langs. Det ser ikkje ut til at det lar seg gjennomføra denne våren, på grunn av jobb og diverse. Eg ønskjer nok heller ikkje å bruka heile sommarferien på å traska på asfaltvegar. Men ein gong, vil eg bli ferdig eg også. Ein gong, vil eg ha gått heile Noreg på langs.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s