Dag 81

Me kan ikkje skryta på oss å vera så gode på å koma oss tidleg avgårde etter kviledag, men etter ein god frukost, organisering av mat og utvask av hytta var me klare til å gå halv 4!! Heldigvis hadde me berre 12 km å gå, og når me kom fram til Grannes camping fekk me billig overnatting OG øl av vertskapet!

20170816213945_IMG_197820170817160327_DSC_120820170817193530_DSC_121320170817192643_IMG_204220170817192110_DSC_1210

Dag 82

I dag venta monsterbakken på oss. Dagens etappe var 25 km lang, og tilsaman hadde me 850 meter stigning og mykje motvind! Jaja, det fekk no berre vera ein dryg etappe då, og etter flott fjellterreng og ein liten båttur over ei elv, fann me ein flott teltplass i nærleiken av Harevasstua. Ja, sett bort frå at eg var så trøytt at eg såg ikkje kva veg bakken hella, så den vegen me har hovuda kom i nedoverbakke.

20170818092250_IMG_204420170818092717_IMG_204820170818120352_DSC_121620170818150006_DSC_122220170818170659_DSC_1224

Dag 83

Etter 5 raske kilometer på veg, møtte me Arnt og Mette Ånes, foreldra til Marit som er ei av mine beste venninner. Mette skulle vera med oss og gå i Børgefjell, og dei hadde frakta maten vår for dei neste dagane i bilen. Og med seg hadde ho også pakke frå Britt i Garsmarka, masse sjokolade og tørka frukt. Resten av turen kunne me eta så mykje sjokolade me ville, DIGG! I turfølget vårt var det berre Daik som kjente Mette frå før, men det tok ikkje lang tid før me alle likte Mette svært godt. Ho er ei sprudlande dama med masse energi, med ein innstilling om at alt ordnar seg og at me har masse tid til å kosa oss. Og i tillegg hadde ho sekken full av godsaker og posar til å ha bær i. Me plukka multer, steinsopp og kantarell, som saman med det me og Mette hadde i sekken blei ein flott tre-retters middag som ikkje hadde spor av real turmat i seg. Me sov inne på statskoghytta ved Tiplingan, fordi me var så heldige å møta på ein som hadde leigd hytta for helga! Stor stas.

20170819101139_IMG_205120170819121359_DSC_123120170819153303_DSC_125620170819200651_DSC_1263received_10155671761798256

 

Dag 84

Etter ein lang og god frukost med egg og bacon, skulle turen vår gå inn i Børgefjell nasjonalpark, utan merka stiar og bruer. Me hadde høyrd mykje om Børgefjell, om at det skulle vera så flott, så flott at me nesten blei kritiske til at det kunne vera så flott. På starten av turen var me så heldige at me fekk bruka robåt, for dei som var på nabohytta kunne ro båten tilbake. Nok ein gong må eg sei det: Heldige oss! Me sparte tre kilometer og ei elv å kryssa. Turen gjekk opp i høgda, og med kartlesar Ingrid Fjellberg kom me oss etterkvart fram til Kjukkelvatnet der me slo leir. Her prøvde me fiskestanga utan hell, og iløpet av natta blas det sånn opp at eg måtte ut å stramma bardunene. For første gong sidan påske såg eg ein klar stjernehimmel som lyste imot meg. Eg vart så bergtatt eg vart rørt, ikkje hadde eg trudd at eg har sakna stjernehimmelen så mykje!

received_1015567176085325620170820094317_DSC_126920170820152215_DSC_1281

 

Dag 85

Me vakna til SOL og nordavind, og Ingrid og Mette måtte berre prøva fiskestanga litt til. Eg kosa meg i varmen i teltet og følte eg hadde ein halv kviledag. Halv 12 kom me oss avgårde og sette fart mot Gaukarvatnet der me tok lunsj. Mette fekk fisk på 3. kastet og då ville me alle fiska. Men med mykje motvind og slukar som havna bak oss i kasta vart det ikkje meir fisk, så me delte søsterlig på den me hadde. Saman med kokekaffi smaka den nydelig godt og me naut vår siste pause i Nordland! Seinare kryssa me grensa over til Nord Trøndelag, og plutselig har eg gått gjennom heile Nord Noreg, sjukt kult. Mette spanderte opphald på oss på Viermahytta, me kosa oss stort og me var alle einige om at Børgefjell, eller Børgis som me pleier å sei, var minst lika fint som folk har sagt.

20170821064403_DSC_128220170821064651_DSC_129020170821121735_IMG_205920170821130037_IMG_206320170821174346_IMG_206620170821195616_IMG_2072

Dag 86

Namsvatnet er stort med mange svære elver rundt, så den sikraste ruta er å ta båt over på andre sida. På andre sida vart me møtt av Arnt, som hadde med seg masse godsaker til oss. Me tok eit trist farvel med Mette og gjekk sørover mot Røyrvik. Då me åt lunsj møtte me to damer som plukka bær, som inviterte oss med heim på garden som viste seg å vera eit ysteri, Skånliseter gårdsysteri, som lagar ost av geitemjølk. Her fekk me smaka anarkjende ostar som vert seld til blant anna til fancy michelinrestauranter som Maemo og rundt om i Europa. Ingrid og Ingrid synst brien var verdas beste. Det mest spennande var nok å høyra om korleis det var å bu så langt ute i distriktet, og viktigheita av at ein ser kva menneske- og naturressursar ein har her. Etter besøket gjekk me salige derfrå, me hadde jo møtt så flotte folk, og alle var einige i at små grønne næringar og distrikta er viktig. Då me kom fram til Røyrvik tok me inn på Limingen gjestegård, eit svært bra val! Her har me blitt møtt av fantastiske Hilde som har ein enorm serviceinnstilling og som gjer opphaldet her fantastisk bra! Me vil absolutt anbefala å ta turen innom her.

20170822100334_DSC_1301

Dag 87

Om det er kviledag eller ikkje i dag veit me endå ikkje, spørst når me blir ferdig med alt me må bli ferdige med. Uansett er dette ein stor dag, ME HAR STEMT I STORTINGSVALET. Damene på kommunehuset i Røyrvik kalla meg for den mest ærlige stemmaren dei hadde møtt. For å vera sikker på at eg hadde gjort rett viste eg lappen med senterpartiet på, og me fekk oss alle ein god latter. Ingrid si stemma er hemmelig, men ho påstår at hennar stemma er grønare enn . I kveld eller imorgon tidleg går turen vidare, denne gong mot Nordli!

20170823064402_DSC_1302received_10155671759198256

– Synnøve, Ingrid og Grønlandshunden Daik

2 thoughts on “Hattfjelldal – Røyrvik

  1. Artig å følge dere via bloggen. Dere er utrolig flinke som gjennomfører dette. God tur videre og vær forsiktig.
    Hilsen fra hytta i Sulis der dere fikk vafler og kaffe +++. 😊

    Like

    1. Hei! Så hyggelig at dere følger med oss på ferden videre. Vi går fortsatt og lengter tilbake og skryter til alle om hvor mye godt vi fikk på kaffe hos dere og hvor koselig det var. Håper kleggen og myggen forsvant fort fra hytta ut på sommeren. Hilsen fra Ingrid og Synnøve 😀

      Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s