Bolnastua – Hattfjelldal

Dag 70

Me kom oss ut døra mykje seinere enn me hadde tenkt, og med altfor tunge sekker sette me avgårde. Ved ein glipp var ikkje alle karta me trengde med i depotet, men me kom fram til at det ville gå fint på grunn av gode turiststiar. Me møtte ei lokal dama som ville visa oss ein snarveg, og me takka ja. Me kom i ein så bratt bakke at me fekk kramper i leggane, og då me kom opp såg me ikkje dama igjen, heller ikkje turiststien og me lurte litt på kva me hadde tulla oss bort i. Men heldigvis kom dama tilbake, viste oss inn på turiststien og ho viste seg å vera svært trivelig. Eg presterte å detta gjennom til magen i ei myr, og mobilen som skulle vera vanntett var visst ikkje vanntett likavel. No står eg utan mobil, noko som nesten er litt godt då eg får vera meir i turbobla. I løpet av dagen tok me med oss 2000 mygg, og når me sette opp teltet var det godt å tenne opp myggspiralen. Myggspiralen gjer at alt luktar litt tobakk, så røyklukta er blitt ein av dei vonde luktane kroppane våre osar av.

20170806204659_DSC_0952

Dag 71

På grunn av såre føtter og tunge sekker, blei me einige om å ta ein halv kviledag ved Virvasshytta. Turen dit var likevel fylt med vonde føtter, men me kom oss fram. Ingrid fekk prøvd fiskestanga, mens eg fekk lata meg og kvila mine såre føtter, som både hadde gnagsår og andre vondter. Me møtte mange trivelige folk på hytta, nokon gav oss til og med av heimebaksten sin: Krinalefse.

20170807130917_DSC_0957.JPG

20170807140544_IMG_1949.JPG

Dag 72

Med betre føtter sette me Steindalstunet, 23 km unna, som mål. Med lettgått terreng viste det seg at dette var fult mogeleg. Siste kilometeren skreik gnagsåret på hælen “stopp”, så det var godt å koma fram til hytta. Her fekk me vera aleine og kosa oss stort.

20170808114120_DSC_0960.JPG

Dag 73

I dag skulle me gå 23 km til Sauvasshytta, men på skiltet stod det at det berre skulle vera 15. Ingrid ville dermed gå heile vegen til Umbukta, 26,5 km, mens eg med mine såre bein synst det var ein svært dårlig idé. Det gjorde utslag i at farta mi blei treig, og me kom til Sauvasshytta på ettermiddagen!  Der møtte me trivelige folk på hytta som spanderte masse god knask på oss: Kakao, brownies, smågodt og isebergsalat, men mest av alt gode samtalar om tur og friluftsliv. Møter med bra folk gjer så godt når ein er ute på langtur, og me er så imponert over kor mykje bra folk me møter. Seinare gjekk me vidare nokre kilometer til, og fann ein riktig bra teltplass.

20170809175554_DSC_105420170809202727_DSC_105920170809203105_DSC_1071

Dag 74

Etter 8 km kom me fram til Umbukta, der me planla å kjøpa oss lunsj om dei hadde pommes frittes. Der møtte me Ingrid Fjellberg, og det viste seg at dei hadde pommes frittes, gratis overnatting, dusj, vaskemaskin, innlagt vatn og ein TV med mange kanalar. Ein oase for fjellfolk, her kunne me no ikkje gå forbi! Det gjorde me ikkje heller, og tok ein god kviledag på Umbukta.

20170807113425_IMG_1930.JPG

Dag 75

Til neste hytta skulle det vera 11,5 km, derfrå skulle det vera 10 km til neste igjen og med ein snarveg skulle me tena 7 km, Gressvasshytta skulle vera grei å nå, så etter ein lang og god frukost med eit trivelig par på umbukta, gjekk me derfrå halv 12. Ingen god ide når etappebeskrivelsen var totalt feil og det var 27 (!!!!!!!) km til første hytta. Det var ikkje berre langt, det var også mykje oppoverbakkar! Me sleit oss fram, og det vart ein dag med mange tårer! Klokka 11 stod me heilt utslitte på Gressvasshytta, der dei 10 folka som var der hadde lagt seg og me vart vist til eit hunderom ved utedassen. Me lagde mat inne hos dei andre, og på veg inn på rommet vårt mista eg middagen til Ingrid på bakken! Sliten brydde Ingrid seg ikkje om det, og me la oss til å sova.

20170811121756_DSC_107620170811181720_DSC_108320170811190218_DSC_1089

Dag 76

Dei ti andre skulle avgårde før me stod opp og me høyrde at dei spurte kvarandre kva som låg der ute. Då Ingrid stod opp lurte ho på kva oppkast som var utanfor døra var for noko, og me lo godt når me forstod at dei andre garantert må ha trudd at me var så slitne at me kasta opp. I bra driv, men med slitne kroppar, gjekk me mot Røssli. Farten sakka av ettrerkvart, noko som påverka humøret. Det gråe været gjorde heller ikkje humøret noko betre, og mutte tok me ein matbit ved bilvegen. Eg synst staden var flott, avsidesliggjande gardsbruk, mens Ingrid påstod at plassen var stusselig. Rett etter kom me rundt ein sving, og der såg me ein scene, eit partytelt og masse folk som vinka oss opp. Det var årets Røssli rock, ein lokal festival med masse trivelige folk. Me vart oppvarta med masse god mat, øl, brennevin, karsk, meira øl, og endå meir øl og plutselig var eg litt for full. Folk var så spandable at me alltid hadde hendene fulle. Me fekk sova hos trivelige Roald, og heldivigvis drog Ingrid oss heim tidleg, i bygdefestskala.

20170812122722_DSC_109320170812125202_DSC_109720170812134716_DSC_112020170812192823_DSC_113020170813112939_DSC_1148

Dag 77

Vakna fyllesjuk, kvifor i alle dagar skulle eg ta imot så mykje drikke i går? Og korleis skulle denne dagen gå? Roald stilte opp med god frukost, og Ingrid Fjellberg dukka opp, ho var visst samme plass som oss. Me sette av gårde, slitne, men det gjekk fint, mykje betre enn forventa. Og etterkvart møtte me to fjellvandrarar som gav oss nesten ein kilo brownies, DIGG! Me gjekk 15 km til Fannvatnet der me telta i vinden på stranda.

20170813124712_DSC_115220170813143858_DSC_115420170813194207_DSC_1158

Dag 78

Fortsatt litt slitne, gjekk turen vidare. I myr og regn gjekk turen til Krutvasshytta. Tung og kjedelig dag, men dagen vart mykje betre då me kom til ferdig oppvarma hytta med flotte folk som også var på langtur.

20170814113346_DSC_1171.JPG

20170814143843_DSC_1174.JPG

Dag 79

Endelig fint vær, wooohooo. Og det var ikkje berre været som var bra, landskapet var også svært vakkert og lettgått. For Daik var me på kjente trakter, og me kosa oss nedover dalen til Garsmarka og hytta til Marit, hundeeigar og ei av mine aller beste venninner. Foreldra hennar har stått på og frakta inn depot og kjøpt alt me har bestilt og meir til. Me feira me var komne HALVVEGS og aldri har vel ei øl og run pølsemiddag smaka så godt. Tusen takk Mette og Arnt!

20170815135116_DSC_117820170815142028_DSC_118720170815144014_DSC_119820170815194658_DSC_1206

Dag 80

Kviledag og kontordag. Her er det ikkje telefondekning, så me har tatt inn hos fantastisk snille Britt som stiller med hustelefon, internett og dusj. Her har Me blitt heile dagen, då ein slik tur krev masse planlegging og organisering!

Tankane går til at det er heilt utrulig at me er komne halvvegs. Ein stor milepæl, som gjer at ein gler seg til resten av turen. Aller først ventar Børgefjell på oss, me er klare.

20170811181728_DSC_1084.JPG
Oppsummering av været, selv med mange oppturer! 

– Synnøve, Ingrid og Grønlandshunden Daik

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s