Tornehamn – Ritsem

20170720202938_IMG_1587.JPG

Dag 48

Ut på tur igjen! Denne gongen måtte me forlata Ingrid sin flotte familie i Narvik og ikkje minst Ingrid Fjellberg som tok turen til oss på kvelden! Me kosa oss med kaker og lefse, den gode dusjen og ordentlege senger. I bilen opp til Tornehamn sat to tause jenter, som synst det var litt rart å forlata eit så komfortabelt liv. Heldigvis ga morfaren til Ingrid oss ein mjuk start på turen, og køyrde sekkane våre eit godt stykke av vegen til Abisko, slik at me fekk vandra enkelt avgårde. Sekkene var lettare enn nokon gong ved start tenkte me, i Narvik fekk me sortert bort litt for tungt utstyr. I Abisko fant me ei vekt me kunne få sjå kor “lette” sekkane var. Hakesleppet kom då sekkane vog 27 og 26 kg, utan vatn. Etter turtips frå turiststasjonen gjekk me opp til den einaste plassen i Abisko nasjonalpark me fekk overnatta, og sette opp teltet. Etter mange møter med myggen blei me einige om at me forstår kvifor folk bur i hus og ikkje i telt.

20170715103100_DSC_0639.JPG

20170715133301_IMG_1540

20170715171647_IMG_1544

20170715170105_DSC_0642.JPG

Dag 49

Med vatn i sekken vog sekken nært 29 kg. Med viten om kor tung sekken var, virka den endå tyngre. Me var no på den mykje gåtte Kungsleden, noko me merka av at me møtte massevis av folk og stien var svært bra merka! Me møtte blant anna fire svenske karer. Dei vart nok så blenda av skjønnheit og hårete leggar at dei spurte oss om me var på dagstur. Me såg på sekkane og kvarandre, og lo godt. Dagen toppa seg då me nådde Abiskojaure der me åt lunsj saman med to tyske kvinner av den lattermilde sorten. Me lo og lo og lo, så mykje at betjeninga kom ut og spurte oss kva som var så morosamt. Men det hadde me eigentleg ikkje noko svar på. Vidare gjekk turen til me nådde nordenden av Alesjaure, der me sov i telt i regnet.

20170716132622_DSC_0648.JPG

Dag 50

Etter god stemning i teltet, med musikk og moro, gjekk turen vidare i lettgått terreng. Klokka 12 var me ved Alesjaure og åt lunsj innadørs. I Sverige er dagsbesøk på turisthyttene gratis, mens overnatting innadørs kostar 420 svenske kroner. Det er uaktuell pris for oss som skal vera ute så lenge, så då blir hyttene lunsjstad for oss istadenfor overnattingsstad. Då me gjekk vidare møtte me blant anna eit svensk par som også var på langtur og som skulle oppover den ruta til Kautokeino som me kom ned. Fantastisk kjekt å møta andre som også er på langtur.

 

20170717090928_DSC_0652.JPG

20170717161409_DSC_0667.JPG

Dag 51

Etter nok ein deilig morgon med god stemning i teltet, gjekk turen oppover. I dag skulle me nå Kungsledens høgaste punkt, noko som me hadde høyrd var både “svårt” og “difficult” og full av snø. Men det viste seg å vera den lettaste snø-oppoverbakken me har vore borti til no. Av dei mange folka me møtte på stien denne dagen møtte me blant anna Lukas på 19 år frå Danmark. Han slo seg saman med oss, og var med oss heilt til stiane våre gjekk kvar sin veg. Dagens høgdepunkt må garantert vera butikken på Salka. Der hadde dei øl, og små chipsposar til 10 kroner. Me kjøpte 9 posar, og hadde “fest” i teltet om kvelden.

20170718160003_DSC_0680.JPG20170718115334_DSC_0675.JPG

20170718183247_DSC_0692.JPG20170717185301_DSC_0670.JPG

Dag 52

Endelig ute av Kungsleden, og ein dag me ikkje møtte folk på stien. Fantastisk deilig. Terrenget me møtte var nok det terrenget til no som minnar mest om Voss og Storavatnet. Med andre ord synst eg det var fantastisk flott! På kvelden sette me opp teltet utafor turisthytta Hukejaure, og fekk tørka litt kle og snakka med mange hyggelige folk.

20170719180517_DSC_0714.JPG20170719180506_DSC_0713.JPG20170719101403_DSC_0704.JPG20170719100141_DSC_0701.JPG20170718182113_DSC_0688.JPG

Dag 53

Endelig sol! Me kosa oss på stien, og hadde mange runder med “dilemma” der dilemmaene vart drøyare og drøyare, så til slutt slutta me. Då me kom fram til Sitasjaure ville me gå litt lenger, og byrja å gå på grusvegen til Ritsem. På vegen gjekk me og drøymde om at me skulle bli kjend med ein same som kunne gje oss øl, og så kom det køyrande ein bil. Inni bilen sat ein same som både ville køyra oss til Ritsem og gje oss mat. Bilturen til Ritsem takka me nei til, men kjeksa jubla me for. Han køyrde vidare, og plutselig var han der igjen. Han hjalp oss å setja opp teltet, og diska opp med sjokolade OG ØL! Me jubla av glede når øla dukka fram, det var nesten som om me blei litt rørt. Etter øl nummer to tok me kveld, og me sa fint farvel til vår nye samiske venn.

20170720190944_IMG_1580.JPG20170720220740_IMG_1636.JPG20170720215737_IMG_1609.JPG20170720192452_IMG_1582.JPG20170720135132_IMG_1561.JPG20170720104035_IMG_1550.JPG20170720110807_DSC_0719.JPG20170720091545_DSC_0717.JPG

Dag 54

Etter at varmen jaga oss ut av teltet på morgonen, fekk me ein flott frukost i sola. Ville Roger, vår nye samiske venn, dukka opp i dag også? Me trengde ikkje lura lenge, plutselig var han der. Og denne gongen hadde han med seg lasso som me fekk prøva og øva oss med. Stor stas og veldig moro. Etter nok et farvel med Roger, gjekk turen nedover mot Ritsem. På vegen var mange samar i fult arbeid med å laga reingjerder. Det var på tide å merka kalvane, så det var tid for å få opp eit gjerde til å stoppa reinen når den kjem springande nedover. Dei jobba så fort, at dei jobba nesten fortere enn eg og Ingrid gjekk. Etter mange gode samtalar gjekk turen vidare, og jubelen var stor då vår nye samiske venn Roger, kom køyrande med brus til oss, HURRA!! Snillare same skal ein leita lenge etter. Etter me nådde Ritsem i halv fire tida har me henta ut pakke heimafrå, og jobbar iherdig for å bli ferdig med det me må bli ferdige med før neste etappe. Dermed kan kviledagen imorgon bli kviledag og ikkje planleggingsdag.

20170721081612_DSC_0734.JPG20170721120606_DSC_0739.JPG20170721124101_DSC_0742.JPG20170721073506_IMG_1653.JPG20170721070922_IMG_1647.JPG20170721065010_IMG_1644.JPG

Vidare skal me inn i Padjelanta og gå ned til Sulitjelma. Me må over eit stort vatn, eit vatn eg eigentleg hadde tenkt til å gå rundt. Men etter å ha snakka med lokalkjente og ein som har gått rundt i år, har eg slått tanken frå meg. Mange store elver utan bruer, han eg snakka med holdt på å drukna i ei elv. Dette tar eg ikkje sjansen på, så denne gongen bit eg i det sure eplet og tar båten eg også!

Me har også snakka om korleis turen framover skal bli. Skal me la turen få vera ein rusletur eller skal me jobba for å koma fram til det me først såg for oss. Dei vekene eg venta på at snøen skulle smelta, mista me jo mykje tid, sjølv om eg er glad eg fekk oppleva fjella frå Kautokeino og ikkje bilveg i Finland! Me har kome fram til at turen skal forbli ein rusletur, der me faktisk har tid til å fiska, lesa bok og kosa oss. Så får me heller ta igjen litt til vinteren om me ikkje rekk å gå til Lindesnes før haustsnøen kjem. Slik vil turen vår bli best for oss. Men kven veit, kanskje me blir så spreke at me kjem til opprekna tid likavel? Denne veka har vertfall kilometrane flydd forbi, sjølv om dei tunge sekkane tærer litt på kroppane.

20170720135101_IMG_1559.JPG

– Tekst av Synnøve, bildeoppsett av Ingrid.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s