Vårløysingspause

Eg valde å ta ein pause på nokre veker, slik at snøsmeltinga fekk gå sin gang utan meg som skulle prøva å gå over usikre snøbruer og svære elver, med berre ein hund å stø seg på! Vårløysinga i Finnmark er ulik dei vårløysingane eg elles er vane med, så eg er rimelig sikker på at eg gjorde eit klokt val.

Pappa køyrde meg og Daik til Kvæfjord, til Daik sin flokk og heimstad. Marit og Geir Ivar tok imot oss med opne armer, og eg fekk bli ein del av livet deira her oppe! Skal sei eg er heldig som kjenner så fine folk, som har latt meg få bu hjå dei utan å betale husleige i TRE veker!

Med 10 kvalpar på huset fekk eg raskt jobb som “au pair” eller “dagmamma” om ein vil. Draumesituasjon for ei hundeglad jenta, som iløpet av opphaldet har lært kor mykje kvalpar bit, spring, herjar og ikkje minst løftar gleda i dagen mange hakk!

IMG_20170607_104840_722.jpg

Med dyre flybillettar og iver etter å trena Daik med kløv, vart det ikkje noko tur heimover til Voss. Eg skal innrømma eg har hatt mykje heimlengsel her oppe. Eg har visst kor lenge det er før eg skal koma heim og få sjå alle heima, og samtidig har eg ikkje vore på veg sørover. No når turen startar att og nasa vert vendt sørover, reknar eg med at heimlengta vert mykje mindre.

Snapchat-1332355928

Noko av det eg sakna med å vera heima var skiturane i shorts til Storavatnet og Eggjane, favorittfjellet heima. Så gleda var stor då skiløypa vart trakka opp, både for meg og hundane. Det er 7 vaksne hundar her, som eg kunne velgja og vraka i.

DSC_0265

Snapchat-427541274

Afterski på plenen

Snapchat-406838976.jpg

Snapchat-576668645

Det eg kanskje sit igjen med som det finaste frå heile opphaldet er alle dei flotte stundene med Marit og Geir Ivar! Me har hatt det veldig moro, ledd mykje og hatt mange gode samtalar! Marit var naboen min då eg studerte friluftsliv i Elverum, og no har det vore heilt fantastisk å få mykje tid saman igjen og ikkje minst få bli kjend med Geir Ivar som ho bur hos og deler hundespann med.

Snapchat-334259336

Snapchat-190340929

Screenshot_20170616-234019

IMG_20170614_201219_644

Men alt har ein ende, og no er det tid for å koma seg avgårde og møta Ingrid i Narvik, der me skal samorganisera oss og koma oss opp til Kautokeino! Om du eller nokon du kjenner skal forbi Narvik til Kautokeino eller Alta blir me svært glad om me kan få sitja på.

IMG_20170610_000414_609

Farvel Kvæfjord, Marit, Geir Ivar, Pocahontas, Suki, Luna, Gentleman, Nuuk, Dex, dei 10 kvalpane, Kvæfjorden, dei flotte fjella og alle flotte folk eg har møtt! På gjensyn 🙂

– Synnøve og Grønlandshunden Daik

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s