Olderfjord – Joatkajavri fjellstue

Dag 11

Full av mot drog me frå Olderfjord! Me køyrde bilen opp dit me forlot turiststien sist. Då eg sat heime og planla tur trudde eg at føret skulle vera eit heilt anna enn det me opplever. Det har ikkje vore så mykje snø som i år på 50 år! Difor planla me rute utifrå sommarstien, og ikkje utifrå snøscooterløyper. Lite lurt, for sommarstien var ikkje noko enkel å følgja med ski og pulk. Etter mange veltingar med pulken, laga me vår eigen sti, og kom kanskje inn i endå verre terreng. På 5 timar greidde me berre 5 km. Etter dei 5 km nådde me ei stikka snøscooterløype som me visste me kunna følgja heilt til Stabbursdalen nasjonalpark, her slo me leir. Stemninga var stor og motet høgare enn nokon sinne, heilt til primuspumpa rauk. Lærklaffen på pumpestanga var øydelagd, og einaste reserveløysinga me hadde var pappa sine to gassboksar til ein liten brennar han har med seg. Dette ville ikkje halde til neste bilveg (Masi), så det var heilt klart at me måtte få tak i ny primus før me drog lenger innover på Finnmarksvidda. Det er heilt klart at ting gjekk litt for fort for seg på den veka eg hadde til å pakka til tur, for sjølvsagt burde me ha med oss reparasjonsutstyr til primusen. Men ein lærer heile tida, og me er sjeleglad for at pumpa rauk så tidleg på etappen!

DSC_0344

IMG_0047

Men så enkelt var det ikkje

IMG_0045

Dag 12

Dagen i forvegen brukte me 5 timar på 5 km gjennom baskete terreng frå E6! Denne dagen sklei eg og Daik ned til Olderfjord i ein fei! Det kjennest ut som eit eventyr der eg skimta i havet langt der nede, og visste at ned dit skal eg. Campingplassen skulle frakta bilen til Olderfjord for oss, og på veg inn i resepsjonen møtte eg ein tidlegare lærar av meg på veg inn i samme resepsjon. Asbjørn Løne var læraren min i maskinteknikk på Voss Jordbruksskule, og var på tur med hurtigruta. Det var utruleg kjekt å møta han her oppe! Turen min gjekk vidare til Alta, der ny primus med pumpe + ei ekstra pumpe + reparasjonsutstyr til primusane vart kjøpt! No har me sikra oss dersom noko anna ryk, samstundes som vatnsmeltinga tar ein heil time kortare kvar kveld med to primusar i gang. Det er kjekt å ha pappa med som turkompis og sponsor, hehe. Det koselige med at turen gjekk til Alta var at eg fekk møta Stine Våge endå ein gong, denne gongen åt me middag saman. Det lada batteria mine 1000% å få ei flott stund med ei så flott venninna 🙂

IMG_0043

IMG_0046

Dag 13

Kvelden før kom eg opp att til teltet og pappa, og morgonen etter var me klare til å fortsetja turen. Me følgde stikka løypa ei god stund, heilt til stikkene gjekk tom. Dagen var ikkje prega av å nå langt, bra vær eller god stemning, men me kom oss tilstrekkelig langt!

IMG_0048

Dag 14

Så kom finaværet. Været me hadde drøymd om heilt frå Nordkapp, sol med kulde. Me møtte ein kar som såg etter reinsdyra til kompisen sin, som også dreiv med isfiske. Han gav oss ein flott fjellaure, og kunne fortelja at isen på vatna var 1,5 meter tjukk! HURRA! Då me hadde gått 200 meter møtte me ein anna kar på snøscooter, ein reinsdyrgjetar. Han kunne fortelja om kvardagen med reindrift, kva utfordringar næringa har og funfacts som er kjekt å vita på veg gjennom eit reindriftsdistrikt. Spennande å høyra for ein permittert politikar. Me fekk også tips  om ruta vår og diverse gammer me kunne overnatta i. Me naut dagen i sola, kanskje litt for mykje, for me kom ikkje så langt som eg hadde håpa på! Eigentleg har me dagsetappar på rundt 15 km, men med mildvær rett rundt hjørna, fann me ut at me må auka til 20 km for dagen og ikkje ein gong tenkja tanken på kviledag før Joatkajavri fjellstue.

DSC_0361

DSC_0370

DSC_0383

Dag 15

For å auka tempoet slutta me å prata mellom pausane. Me går som regel i ein time, før me drikk vatn, et sjokolade og nøtter, smører ski og anna naudsynt arbeid. Problemet med framdrifta oppstår når me byrjar å ha samtalar utanom desse pausane, så dette prøvde me å få ein slutt på. Etter fleire lange vatn, mykje svetting i sola og ein time lang lunsjpause, skulle me nedover til Stabbursdalen, og terrenget skulle verta meir skogkledd. Eg har berre taudrag på pulken min, om det er litt helning glir dermed pulken til sida, og det er ikkje særleg lett å gå gjennom skog. Men heldigvis traff me på eit snøscooterspor som viste oss ein flott veg gjennom skogen. Heldige oss.

DSC_0401

Dun mistar isolasjonsevna når det blir vått og fuktig. Difor er det godt å få tørka dunposane i lunsjpausane, når me har sol.

DSC_0405

Daik fungerer betre og betre for kvar dag! Det beste er når det er mykje reinsdyrspor som han får lukta på. Då er me på “jakt” i hans auger, og han har stor framdrift.

DSC_0417

Dag 16

Etter mange netter i telt saman blir det mykje som blir repetisjon dag etter dag, spesielt på morgonen av ein eller anna grunn. Når eg vaknar vil eg gjerne at pappa skal opne varmeflaska mi frå natta, slik at eg kan drikke det lunkne vatnet. Kvar dag seier pappa at det ikkje går, og at eg må få meg ny flaske. Så er det tid for smørjing med solkrem, då sier alltid pappa at det ikkje er sol ute, sjølv om det er blå himmel. Då me byrjar å gå er eg alltid litt furt for at me ikkje byrja å gå før, sjølv om det alltid er min feil at me er så treige. Og sånn går det dag etter dag, og det er noko av det eg synst er så sjarmerande med turlivet. Me var ikkje heilt ferdige med skogen, men me såg tydelege spor av ein gompi (campingvogn) som hadde blitt dratt forbi med snøscooter! Reingjetaren hadde fortalt at han skulle dra ein gompi forbi der, og hadde vist på kartet kor den skulle. Dermed kunne me følgja gompispora og vera sikre på at me kom riktig stad. Etter kvart kom me opp i høgda, og kunne nyta utsikta til fjelltoppane på andre sida av Stabbursdalen. Skiføret var heilt fantastisk, sola skein i ansikta og dagen vart nytt til det fulle.

DSC_0422

DSC_0426

Dag 17

Me byrja å bli trøytte, og måtte manna oss opp for å koma i gang. Denne dagen skulle me sova inne, i Bojobeaskihytta, ei ubetjent DNT hytte. Dermed visste me at ting ville vera på stell her, med tørre veggar, ved, gass, ordentlige madrasser og bord og stolar. Når me kom fram viste det seg at det også var speigel og radio der. Ein himmel for to slitne teltarar.

Dag 18 – 17. Mai, HURRAAAAA

Lenge hadde 17. Mai på Joatkajavri fjellstue vore eit mål, sjølv om det var tre dagar før oppsett skjema. Tanken på vårløysinga hadde gjedd oss fart nedover, og denne morgonen vakna me på Bojobeaskihytta 13 km unna Jotka. Radioen oppdaterte oss om korleis 17. Mai gjekk føre seg i resten av landet, mens me festa 17. Mai sløyfe på hunden og teipa norsk flagg på staven min. Dermed gjekk me i 17. Mai tog til Joatkajavri fjellstue. Me hadde sett for oss når det var 17. Mai skulle det vera fult hus her, men her var ikkje ei sjel å finna. Mobilen min fekk eg ikkje på, så eg fekk ikkje lest meldingane frå vertskapet. Men ved hjelp av ein kar som stakk innom, fekk me tak i vertskapet og me fekk låst oss inn i fjellstova. Og her er det vedovn på rommet, gass på rommet og berre velstand.

DSC_0440

DSC_0441

DSC_0450

Dag 19

Kvelden før kom vertskapet tilbake, og me fekk bestilt frukost til dagen etterpå. Me er litt leie havregrauten, så eit byte i kosten skulle bli godt! Og det var ikkje berre eit lite byte, her var det speilegg, egg, bacon, ost, brunost, skinka, mjølk, juice, kaffi, yoghurt og ikkje minst heimalaga brød. Ein frukosthimmel for oss. Me kosa oss lenge med frukosten, og fekk ein hyggelig prat med mannen i vertskapet. Etter me hadde laga nista fekk me med oss FIRE flasker brus på rommet!!!!! I dag har me også ein etterlengta fridag, som me nyt til det fulle med avslapping og brus. Når eg ser meg i speiglen blir eg alltid sjokka over kor feitt håret er, og kor raud eg er i fjeset. Kvar gong eg kjem inn på rommet blir eg alltid sjokka over kor mykje sveitte me eigentleg luktar. Eg er glad me er dei einaste gjestene, så me kan stinka kor mykje me vil. Så får me gle oss til me skal dusja i Masi. Me er spente på føret til Masi med tanke på vårløysing, og kryssar alt me har for at me kjem oss med alt vinterutstyret til bilvegen i Masi, så me får justert bort det tunge vinterutstyret.

IMG_0041

– Synnøve, pappa Stig Ove og Grønlandshunden Daik (Black Diamond)

DSC_0383.JPG

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s