Nordkapp – Olderfjord

Heihå!

Me er i gang på ordentleg. Hurra hurra. I skrivande stund har me kviledag i Olderfjord. Sjølv om turlivet “vinterstid” (her oppe kan me kalla det vinter, med minusgrader og masse snø), kan vera mykje jobb, har me det utruleg fint! Kroppane har tilpassa seg svært godt treningsmengda (sett bort frå kvar sin vesle senebetennelse i handledd/hand/fingrar, om nokon har tips tar me gjerne imot).

DSC_0246

Dag 1 Nordkapp

Etter mykje pakking og organisering drog me utover mot Nordkapp. På vegen ut møtte me to Noreg på langs damer som eg møtte då dei passerte Eidsbugarden i vinter. Denne dagen nådde dei Nordkapp og me heia dei inn i mål med norske flagg. Flott kjensle å få heia nokon i mål den dagen me sjølve starta på turen. Dei kunne skilta med flotte tips og ikkje minst frakta dei bilen vår nedover til campingen igjen. Flott avtale for alle partar. Me byrja å gå i 5 tida. Det var kjempeherleg å byrja å gå, endeleg var me i gang. Me gjekk til klokka 9, deretter slo me opp camp. Det vart sein kveld etter all snøsmeltinga. Med lyset her i nord vert ein heilt døgnvill, det er lyst heile natta. Så me fekk sjokk då me såg kor mykje klokka var

DSC_0272

Dag 2 Knivskjellodden

Nordkapp er ikkje Noregs nordlegaste punkt, Knivskjellodden vert rekna som Noregs nordlegaste fastlandspunkt om ein rekner med tilhøyrande øyer. Knivskjellodden er ca 15 km frå Nordkapp, så å ta med oss det nordlegaste punktet var riktig godt. Uten oppakning gjekk det radigt, heilt til skia måtte av og me fekk snøfonner med gjennomslagsnø, då gjekk det ein del seinare. Men fram kom me. Badinga som me hadde drøymd litt om måtte me avlysa, med tanke på dei høge bølgjene. På vegen heim att blas det opp, og me møtte ein ung tyskar på veg ut til Knivskjellodden. Då han var på veg heim att inviterte me han inn i teltet der me spanderte varmt vatn og han spanderte peanøtter. Trivelig. Denne dagen knakk me ved uhell begge dei norske flagga våre, me veit ikkje om det er teikn eller ei, men me har kjøpt nye og er klar for 17. Mai.

DSC_0309

DSC_0282

Når teltet er tørt hender det at Daik får kos ut lufteventilen i teltet

Dag 3

Ordentleg finværsdag. Den einaste dagen på turen utan hanskar og i berre ulltrøye. Drasystemet til hunden fungerte ikkje lenger, me har ikkje sele til draget hans (tom på sportsbutikken og på leverandøren sitt lager), så me prøvde å bruke den vanlege selen hans. Dette fungerte berre ei viss tid, så frå denne dagen har eg gått mellom Daik og pulken.

DSC_0317

DSC_0316

Dag 4

I løpet av natta blas det opp, og me vakna til snøvær, vind og flatt lys. Perfekt vær til å finna vegen gjennom ukjend fjellområde, eller ikkje. Med berre eit par med goggles/snøbriller, måtte dei gå til den som navigerte (meg), og med tanke på alt snøværet og vinden måtte pappa bruke andre briller som ikkje slepp inn snø. Desse er så mørke at ein ikkje har lov til å køyra bil med dei (i følgje broderen). Pappa såg så dårlig at han merka ikkje me gjekk over ein bilvegen. Hunden me har med oss er svært så sterk og glad i å jobba, men han vert også lett distrahert av snø han kan grava i og hoppa i. Når me går fremst ser han ofte ut som ei våryr kviga. Dette gjer at pappa må gå først, for då drar Daik som ein traktor! Det er altså pappa som får merka føret og hindringar først, verst gjekk det då han datt utfor ein skavle. Men som den blidkaren han er vart det ikkje sure ord å høyra då han traff bakken på magen, men eg fekk grei beskjed om å ta bilete. Pappa er ein super turkompis, og me samarbeider svært godt. Eg trudde me kom til å krangla ein del, men me har foreløpig ikkje hatt ein einaste krangel. Me har det heilt supert. Eg er med andre ord kjempeglad for at pappa ville bli med meg denne månaden på tur.

IMG_0028

Etter ein bratt nedstigning frå platået og til sjøen, var det godt å kunna ringja taxi som tok oss med tilbake til Nordkapp camping. I mellomtida mista pappen pulken sin med vinden, vinden gjorde så pulken hans slo rundt, og pappa stod igjen med berre draget då stripsen rauk. Det var det motsette av god stemning når vintersoveposen for med vinden retning sjøen, men heldigvis fekk me henta den inn, og set pris på posen som aldri før.

Dag 4 Kviledag

Kviledag og opprustning av utstyr. Eit par nye snøbriller vart kjøpt inn, samt eit nytt par med skisko til meg. Forsøket på lågbudsjettstur var ikkje så vellykka, når mine utslitte skisko slapp inn vatn. Stor takk til GSport i Honningsvåg for svært gode rabattar og ikkje minst gode tips i utstyrsjungelen. Me har vore innom mange turar, og det er alltid lika triveleg.

IMG_0029

Fint å få vaska kle, og tørka telt og sovepose mellom etappane

Dag 5 Nordkapptunnelen

Det var tid for å gå gjennom Nordkapptunnelen, pluss 8 km ekstra, 4 på kvar si side av tunnelen. Me hadde med oss bil, svært lett oppakning og gjekk på skift. Inni tunnelen var det tunnelarbeid, men flotte arbeidsfolk sa at det var null problem at me gjekk gjennom. Det var også kolonnekøyring, så me visste alltid når bilane skulle koma. Utanfor tunnelen var det masse vind, pappa måtte leggja seg nedpå nokre gonger mens eg måtte jogga av og til, vinden drog så hardt at eg kunne likesågodt la beina følgja med. Me fekk endå ei innenatt på Nordkapp camping, noko som ikkje gjorde noko med tanke på den sterke vinden. Det vart svært mykje pakkearbeid, og heldige oss fekk breia oss ut akkurat så mykje me ville. Stor takk til Nordkapp camping, for å vera ein super plass å planleggja og omorganisera på.

IMG_0031

Dag 6 Avgang frå Kåfjord

Me vart køyrd ut med pulkar og hund til gårsdagens sluttpunkt (eg er nøye på at alle distansar skal gåast), og me fekk gå langs scooterløypa eit stykke oppover. Etterkvart ville den ein anna veg enn oss, så me lagde vår eigen trasé. Det var så dårlig sikt at me jamleg måtte stoppa opp for å venta på sikt, og GPSn blei ein god kamerat. Me burde nok brukt den meira, for det viste seg i ettertid me ikkje overnatta der me trudde me overnatta.

Dag 7

Svært mykje vind, og fortsatt dårlig sikt. Me vurderte om me skulle bli eller riva teltet, men me reiv teltet og kom oss av garde. Vegen var så hustrig at eg gjekk i boblejakka heile dagen. Denne dagen bomma me ikkje på ruta, sjølv om det svært dårleg sikt, herleg. Skareføret var ikkje noko enkelt utan stålkanter for oss begge, men det gjekk no likevel. Heile dagen gjekk eg å drøymde om å slå opp teltet og leggja meg i soveposen. Det var difor svært så deilig når øktene var unnagjort, og me kunne krypa inn. Pappa fyrte også opp gassprimusen i innerteltet, noko som gjorde at det vart svært tørt og triveleg.

Dag 8

Etter dagar med mykje vær og slitsame dagar, kunne me endeleg kjenne sola i ansiktet. Slike stunder lærer ein seg å nyta etter dagar med dårleg vær. Me skulle også følgje scooterløypa ein del, så navigeringa skulle ikkje vera så utfordrande. Om me gjekk langt denne dagen kunne me også nå ei ope reindriftshytte. Nysnøen hadde også lagt seg. Då tenkte eg at det einaste som mangla var eit ferskt scooterspor å gå i. Og jammen kom det ein snøscooter køyrande som laga flott spor for oss. Vertfall til det byrja å snø igjen. Etter ein lang og flott dag nådde me vår våte draum som viste seg å ikkje vera noko draum, berre våt, nemleg reindriftshytta som var referert til på ut.no. Me fyrte med primusane inne for å ikkje bruke opp veden, og etterkvart rant det av veggane. Det utstyret som ikkje var vått før me gjekk inn, var vertfall vått når me gjekk ut.

IMG_0030

Eit bra bilete på mykje av været me har opplevd! Sol og dårlig vær rett etter kvarandre.

Dag 9

Med tanke på at dunsoveposane var blitt så våte i hytta at dei var ubrukelege for ei natt ute, var målet for dagen klart, me SKULLE nå E6 slik at me kunne ordna oss biltransport ned til Olderfjord og ei tørr campinghytta. Navigeringa var så enkel at me knapt brukte GPSn, men været og føret var litt svignande. Av og til skein sola, og av og til snødde det. Når det snødde vart det klabbeføre for ei stund framover. Pappa klabba heile dei siste 6 km til E6, men var fortsatt (nesten) lika blid, for ein turkamerat. Når dagen enda, låg me i hotellsengetøy inne i ei tørr campinghytta i Olderfjord. Deilig.

Dag 10

Kviledag i Olderfjord. Pappa tok bussen og henta bilen ved Nordkapp camping, mens eg låg mobillaus i Olderfjord. I eit døger fekk eg ikkje til å lada mobilen min. Desto deiligare var det å kjøpa brød, egg, brus, smågodt og eit sladderblad på den lokale butikken, og vaska opp alt turutstyret som trengde ein vask. I morgon drar me vidare, mot Stabbursdalen og Joatkajarvi fjellstue. Me gler oss allereie til å kome oss i gang att.

DSC_0335

– Synnøve, Stig Ove og Grønlandshunden Daik

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s